Kulturvøkku 2017

Grautfolket møttes

Venneforeninga ved Rindal Skimuseum opna grautdagen på museumstunet i varm sol denne fredagen. Vil du ha graut, må du møte opp snarast. Alt før klokka to var det over 40 svoltne som venta på at grauttida var der.

1-2017-07-07 13.59.24.jpg
Folk ventar på graut.

IMGP8906.JPG
Ledar i venneforeninga ønska folk velkomne.

IMGP8907.JPG
Ingrid Stokke spela «På solen jeg ser» av Ole Bull, før ho spela grautmarsj og grautkjerringane kom.

IMGP8912.JPG

1-IMGP8914-001.JPG

1-IMGP8920.JPG

Nokre av dei første som fekk smake grauten var frå venstre Aud Øyen, Rannveig Holte og Marie Kjersti Øien Selvig. Dei hadde forsynt seg med ulike grautsortar, men alle var godt nøgde med valget sitt.

Det var fleire grautsortar å velge i, morrhakk attåt, og kaffe og brød.

Her blir mange munnar mette fram til klokka fem, dersom grytene ikkje vert tomme!