eksamensfrokost

Gratis eksamensfrokost

På Surnadal vidaregåande skole får alle elevar som skal ha skriftleg eksamen servert gratis eksamensfrokost i kantina. Det var kantinedrivar Bente Heggset som kom med forslaget, og leiargruppa ved skulen var positive til initiativet. 

- Eit flott initiativ frå kantina, som vi håpar blir godt teke i mot av elevane. Ein god frukost før ein krevande eksamen er veldig viktig for å kunne prestere best muleg. Å ta seg tida til å nyte ein god frukost vil òg kunne gjere at du slapper meir av, seier rektor Mons Otnes.

Første skriflege eksamen gjekk av stabelen fredag, og eksamensperioden fortsetter til første veka i juni.

På bildet ser vi Bente Heggset og Mons Otnes saman med russepresident Sunniva Sørvik Grimsmo. 

Vi ønskjer alle elevane lykke til med eksamen!

Foto: Surnadal vidaregåande skole