traktor gråtass_690x589

Gråtass - god som ny!

Gjennom heile skuleåret har elevane i 1TP2 og 2IN1 på Surnadal vidaregåande skole mekka på «Gråtass-traktoren» til Peder Saltrø. No er den fiks ferdig, og torsdag 5.juni vart traktoren henta på verkstaden av ein fornøgd eigar.

– Dette var den aller første traktoren på Eidet, så det var verdt eit forsøk på å få den i god stand igjen, smiler Saltrø.

«Gråtass» var av dårleg forfatning da han vart levert på skulen i haust, og elevane trudde det var eit håplaust prosjekt. Men med ein stor dose engasjement frå elevane, og svært god hjelp av 89 år gamle traktorekspert, Ola Polden, vart traktoren god som ny – innvendig og utvendig!

Før Saltrø køyrde Gråtass tilbake til sin heim på Eidet, var det kaffelag på verkstaden. Til ære for flinke elevar!

Det skriv Surnadal vidaregåande skole på si heimeside www.surnadal.vgs.no

Før:

gråtass før.png

Undervegs:

ola polden.jpg

gråtass underveis.png

Etter:

traktor gråtass2_690x518.jpg