IMG_9303_340x227ingress

Godt resultat for Laget Vårsøg

Daglig leder Gerd Ingrid Kvendset forteller her om Laget Vårsøgs årsresultat og om arrangementene de har gjennomført, slik som Vårsøghelga. Laget takker bidragsytere, frivillige og ikke minst publikum.

 

Laget Vårsøg har gleda av å melde om at vi har eit årsresultat på omlag kr 200 000.

Det viser seg at miksen i programmet og dei tiltaka vi gjorde var populære. Publikum slutta godt opp om det varierte og sjangerbreie programmet vårt, som vanleg med miks av lokale krefter og tilreisande profesjonelle.  Teltarrangementa gav god inntening saman med diverse matsal rundt arrangementa våre. Matsalet på Kleivakvelden og i Bondehuset vart ein innertiar. Det har vore matsal i samband med arrangementa våre tidlegare òg, men det har andre aktørar teke seg av og hatt inntening på.

Vi har skore ned på omtrent alle kostnadar samanklina med i fjor, t.d har vi laga all utforming av annonsering, heimeside og program sjølv – utan at det har gått ut over kunstnariske produktet til publikum. Vi vurderte å gjera Vårsøghelga ein dag kortare, men det klarte vi heldigvis å unngå. Vi kjem til å fortsette arbeidet med å finne gode økonomiske løysningar for Vårsøghelga.

Utviklingsmøtet vi hadde i vinter avla mange gode idear frå dei frammøtte og gjorde at vi iverksette grep som gav positiv effekt. Laget Vårsøg takkar alle bidragsytarar for interessa og alle gode ideane som kom da. Samtidig vil vi retta ein stor takk til Surnadal kommune, fylkeskommunen, Norsk kulturråd – samt dei trufaste sponsorane våre, som har stått last og brast ved oss.

Vårsøghelga sine frivillige gjorde ein formidabel innsats også i år, med alt frå å bake og selge kaker, til å køyre artistar og rigge telt. Det var ikkje fritt for at vi kjente på at alt arbeidet mest gjekk over hovudet på oss. Innsatsen til dei frivillige kan ein ikkje anna enn ta av seg hatten for!

Sist, men ikkje minst, vil vi takke det gode publikummet vårt, som år etter år kjem tilbake og set pris på denne unike og våryre, vakre og varierte kulturfestivalen vi har her på Nordmøre.

Årets overskot tryggar økonomien til Laget Vårsøg og Vårsøghelga, og vil vere ein  buffer som er god å ha med seg til komande arrangement.

Det å arrangere festival er framleis ein risikosport. Tenk om regnet hadde kome to timar før Kleivakvelden….

Frå Laget Vårsøg