
Godt håp for tungbilbergar
Det er godt håp for å få etablert ny tungbilbergar i dalføret. I går kveld møtte mange fram i Svorkasalen da Surnadal kommune ved ordførar Mons Otnes inviterte til ope møte. Mange aktørar hadde møtt fram for å støtte prosjektet Reidar Brøske har arbeidd for å få til sidan august. I forrige veke avslo Viking Redningstjeneste eit tilbod frå Tellesbø Karosseri. No har forsikringsselskapet If fått Viking Trondheim med på nytt og onsdag er det nytt møte hos ordførar Mons Otnes.
_715x536.jpg)
Frå venstre Harald Bredesen, ordførar Mons Otnes, Bjarne Tellesbø frå Tellesbø Karosseri og Steinar Aasbø frå forsiktingsselskapet If.
- Vi må spenn-oss-ni for å få ein tungbilbergar i dalføret - vi må sjå på kva vi kan få til i lag, sa ordførar Mons Otnes, da han ønska velkomen og innleia møtet i går kveld. Og på bildet over blir framdrifta diskutert. Blant anna er eit møte med Viking Trondheim på ordførarkontoret hos Mons Otnes alt på plass i morgon onsdag.
Viking Trondheim med igjen
Og det er forsikringsselskapet If som har fått Viking Trondheim med. Det kunne Steinar Aasbø og Knut Hjelmstad frå If forsikre under møtet i går kveld. - Viking Trondheim er villig til å plassere ut ein tungbergar i dalføret. Dei meiner det er vanskeleg å betjene regionen utan å ha ein bil stasjonert her, sa Aasbø. Dermed er det håp om ei løysing for å få ein tungbilbergar på plass i dalføret igjen, etter at Rognskog Bil sa opp avtalen med Viking i august. Den avtalen gjekk ut no i november.
Til høgre ordførar Mons Otnes, saman med Reidar Brøske, som har arbeidd med å få på plass ein ny tungbilbergar sidan august. No ser han håp i arbeidet.
Viktig med bergar
- Men økonomien må vera på plass, la han til. Det er også utfordringa til Tellesbø Karosseri, som godt kunne ha tenkt seg å ta over Viking-avtalen til Rognskog Bil. Det kan det også bli når If no har fått Viking til forhandlingsbordet.
Det er Bjarne Tellesbø i Tellesbø Karosseri og ordførar Mons Otnes glade for. - Gjennom dette møtet i kveld har vi fått fleire aktørar med. I kommunen vil vi strekkje oss langt for å vere med og vi håpar næringslivet gjer det same, sa Mons Otnes.
Næringsliv og redning
Både Pipelife og ikkje minst Surnadal Transportpartner ved Atle Norli understreka kor viktig det var å ha ein tungbilbergar i dalføret. - Med alle våre bilar ute kan vi ikkje risikere å bli ståande å vente i fleire timar på bilbergar, sa han. Same kveld (mandag) sto tungtrafikken lenge stille ved Garberg over Rindalsskogen - sjå alt om det her.
Nordmøre brann- og redningsvesen ved Tor Arne Moen ønsker ein tungbilbergar i området. - Får å få ut skadde og berge liv til andre, må vi ha sikkerhet for eigne mannskap. Da treng vi ein bergingsbil fort på plass. Responstida vil ha stor betydning, sa han.
- Kjempebra å sjå at så mange møter fram, sa ordførar Mons Otnes. Han viste til støtta frå ordførar i Rindal Ola T. Heggem - sjå her.
Vel 30 frå næringsliv, kommune og transport, forsikring, ambulanse, politi og brann- og redning var møtt fram under møtet mandag kveld. No blir næringslivet utfordra og møtet med Vilking Trondheim onsdag blir avgjerande for det vidare arbeidet for å få ein tungbilbergar på plass i vårt dalføre.
Møtet mandag kveld ga i alle fall inntrykk av at ein tungbilbergar i dalføret er både nødvendig og ønskeleg. - Det avgjerande vil vere økonomien og vi vil i alle fall strekkje oss langt for å vere med, sa ordførar Mons Otnes, og håpar næringslivet gjer det same.
Driva har dette på saken.
Under Bjarne Tellesbø hos Tellesbø Karosseri og Steinar Aasbø hos If, som håpar å få på plass ein tungbilbergar i dalføret gjennom Viking Trondheim.


.png)

