Studiespes illustrasjon

Gode søkjartal til Surnadal vgs

Det var 9 579 søkjarar som fekk tilbod om plass i 1. inntaket til dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal for skoleåret 2014/2015. 294 av dei har fått plass på Surnadal vidaregåande skole. Alt tyder derfor på at skulen får eit elevtal på over 300 det kommande skoleåret.

I 1.inntaket er det nesten berre søkjarar med ungdomsrett som har fått tilbod. Fristen for å svare på 1. inntaket er 15. juli.

184 av ungdomsrettssøkjarane til skoleplass i fylket står framleis utan tilbod. Dette er 110 færre enn i fjor. Av erfaring veit vi at ein god del av dei som står på venteliste vil kome inn når 2. inntaket blir kjørt ca. 4. august. Ved 2. inntaket vil ein også ta inn vaksne søkjarar til ledige plassar, samstundes vil vi passe på at alle ungdomsrettssøkjarane får plass før skolestart. Det skriv Møre og Romsdal fylkeskommune på sin heimeside.

Det er særleg utdanningsprogramma elektrofag og teknikk og industriell produksjon som har mange søkjarar på venteliste.

I tillegg har 695 fått tilbod om læreplass, 589 av desse har ungdomsrett. For søkjarane med ungdomsrett er dette om lag på same nivå som i fjor.  For søkjarane til fagopplæring held formidlinga fram.

For meir informasjon om Surnadal vidaregåande skole, sjå www.surnadal.vgs.no

Her er oversikta over Surnadal vgs etter 1.inntaket:

Inntatte+pr+skole+og+kurs+-+1[1].jpg