Zafar Anjum

Gode søkartal til Surnadal vgs

Totalt har 9548 søkarar fått tilbod om plass i 1. inntaket til dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal for skoleåret 2017/2018. Surnadal vidaregåande skole har 297 søkarar med ungdomsrett. 

Etter 1. inntaket er det 162 søkarar med ungdomsrett som ikkje har fått plass på Vg1, 62 med ungdomsrett som ikkje har fått plass på Vg2 og 44 som ikkje har fått plass på Vg3. Det er noko mindre enn dei siste åra.

- Av erfaring veit vi at ein god del av dei som står på venteliste vil kome inn når 2. inntaket blir køyrt ca. 7. august. Vi vil passe på at alle søkarar med ungdomsrett får skoleplass til skolestart. Andre søkarar får ikkje tilbod før alle med ungdomsrett har fått ein skoleplass, seier fylkesutdanningssjef Erik Brekken til fylkeskommunens nettside.

Det er ventelister for å få plass på fleire Vg1-tilbod. Det gjeld for eksempel elektrofag og idrettsfag.

Fristen for elevane å svare på 1. inntaket er 14. juli.

Formidling til læreplass
558 elevar med ungdomsrett har fått tilbod om læreplass. Dette er om lag på same nivå som i fjor. Dersom vi reknar alle som har rettar, er 748 ungdom formidla, seier Brekken
Møre og Romsdal fylkeskommune har også denne våren og sommaren arbeidd for å skaffe fleire læreplassar, for mellom anna å kompensere lågkonjunkturen innanfor enkelte bransjar. For søkarane til fagopplæring held formidlinga fram til 1. november, avsluttar Brekken.

Gode søkjartal for Surnadal vidaregåande skole
Tala viser at 297 elevar med ungdomsrett har fått tilbod om plass på Surnadal vidaregåande skole kommande skuleår. På vg1 er det fulle klassar på bygg- og anleggsteknikk, helse- og oppvekstfag og studiespesialisering. På vg2 er det fulle klassar på byggteknikk, automatisering, industriteknologi og barne- og ungdomsarbeid. På vg3 viser tala at det er full klasse på påbygning til generell studiekompetanse. 

inntak 2017.jpg

Kilde: Møre og Romsdal fylkeskommune