Gode båtar er beste reklamen

Dagleg leiar Isak Berntsen hadde interesserte tilhøyrarar frå Indre Nordmøre Senioruniversitet på besøk på Vaagland Båtbyggeri 11. mai. Den ferske daglege leiaren, med oppvekst i Nordland og ei fortid i Sjøforsvaret, hadde tydelegvis sett seg godt inn i både lokalsamfunnet, bedriftshistoria – og dei store utfordringane som skipsverfta i dag står oppe i.

Men Vaagland Båtbyggeri, ei familiebedrift med ei snart 90-årig historie, hadde vore gjennom store utfordringar også tidlegare. Det galdt mellom anna overgangen rundt 1960 frå trebåtbygging til stålbåtar, flytting og bygging på større verftsområde på Tueneset, og overgangen frå enkle båtskisser og halvbåtmodellar, til bruk av dataverktøy både i teikneunderlag og produksjon. Vaaglandverftets styrke er framleis god handverkskunnskap. 46 personar er i dag fast tilsett på verftet, men i vår har bedrifta periodevis hatt over 100 tilsette. Til saman har verftet levert 152 båtar, hovudsakeleg fiskebåtar, men i stadig større grad også ulike servicefartøy til oppdrettsnæringa. Vaagland Båtbyggeri har aldri hatt oljenæringa som noko satsingsområde.

Sjølv om verftet helst vil bygge nye båtar, er reparasjonar og ombyggingar også ein viktig del av arbeidet.Vaagland har ein styrke i stor fleksibilitet i arbeidsstokken, og eit verftsområde som er konsentrert og gjer logistikken lettare enn i mange bedrifter. 80 prosent av arbeidet dreier seg om logistikk, både på verftsområdet mellom dei ulike arbeidsoperasjonane, og i kontakten med alle leverandørane bedrifta må ha kontakt med, til varelevering og spesielle arbeidsoppdrag. Det kan vere opp til 4000 levarandørar på ein ny båt, til ulike materiale, maskiner, innreiing og elektroarbeid. Verftet gir såleis arbeid og inntekter til mange bedrifter over store delar av Nordmøre og Romsdal, med kanskje 3 gonger så mange tilsette som på verftet. Av 200 millionar kr i omsetning, blir det fort snakk om 80 millionar til ulike lokale bedrifter.

Vaagland Båtbyggeri er ei solid bedrift som har bygd seg opp  gradvis og aldri har vore nær ein konkurs. For seniorane i Senoruniversitetet gav det eit svært positivt inntrykk at trass i alt snakk om vanskar og nedgangstider i næringslivet, er det i alle fall enkelte lokale bedrifter som synest å manøvrere godt også i urolege tider.

IMG_1793 (690x429).jpg

Indre Nordmøre Senioruniversitet var på besøk hos Vaagland båtbyggeri.

IMG_1790 (690x460).jpg

Isak Berntsen forklarer. Ferja i bakgrunnes bygges om for å brukes til å fjerne lus fra laksen.

IMG_1779 (690x460).jpg

Isak Berntsen forklarer for interesserte tilhørere.

IMG_1787 (690x460).jpg

Denne båten gikk fra kai.

IMG_1784 (690x460).jpg

Tørrdokk 7 meter.

 

Tekst: EHA. Alle foto: Helene Nergård.