bright side of life_1024x683

God start på innsamlingsaksjonen

Konserten på kulturhuset onsdag kveld ga Surnadal ein god start innsamlingsarbeidet i samband med årets TV-aksjon. I underkant av 17 000 kroner kom inn på billettsalget, og i tillegg fekk Melvin Steinsvoll frå Norsk Folkehjelp med seg ein gavesjekk på 15 000 kroner frå Surnadal kommune. Så er det berre om å gjera at folk også opnar lommeboka når bøsseberarane kjem på besøk mellom 15.00 og 17.00 søndag 23. oktorber.

Gutar frå "Back to the 80's" som bidro med dugnadsinnsats på scenen i Storstuå onsdag kveld. Flinke var dei også!

I Surnadal kommune vil innsamlinga bli gjennomført kl. 15.00 - 17.00. Da er det om å gjera at folk har skaffa seg kontantar for å putte på bøssene. Pengane du gir, kan påverke framtida for mange.

Pengane frå årets innsamlingsaksjon går jo som kjent til Norsk Folkehjelp, ein organisasjon som er ein av verdas største humanitære organisasjonar innanfor minerydding. Midlane frå årets TV-aksjon skal gå til å fjerne miner og klasebomber i Vietnam, Laos, Sør-Sudan, Tadsjikistan, Libanon, Guinea-Bissau og Bosnia-Hercegovina. I tillegg skal ein del av pengane gå til Norsk Folkehjelp sitt minehundsenter i Sarajevo. Dette er verdas leiande senter for avl og trening av minehundar, og dei ferdig trente hundane gjer ein uvurderlig innsats med å lukte seg fram til livsfarlege eksplosivar.

Enda eit bilete frå konserten på onsdag: Linn og Gilson frå NoFo. Elevane frå NoFo bidro med sterke innslag på scenen, men bidro også til å skape ei veldig god stemning i salen.