hoppid

God kommunikasjon gjennom media

Korleis skal du som etablerar eller bedriftsleiar kommunisere godt gjennom dei ulike mediekanalane? Korleis kan du formidle bodskapen din ut til markedet? Det er hoppid.no i Rindal kommune i samarbeid med Trollheimen NæringsSørvis AS som inviterer til kurs i mediekommunikasjon torsdag 13. oktober. 

 


Kurshaldar er Appareo, ved Nils Heldal og Synnøve Farstad. Begge har lang fartstid frå mellom anna NRK.

Deltakarane vil få ei innføring i korleis både dei redaksjonelle media og dei sosiale media fungerer og kva deira rolle er.

-Mange blir usikre i kontakt med journalistar, seier hoppid.no-kontakt i Rindal Grete Elshaug. Det blir derfor lagt opp til enkel praktisk trening av intervjusituasjon, nokre spørje- og svarteknikkar og korleis ein skal opptre i møte med media, seier ho. Det blir høve til trening i små grupper eller individuelt, etter ønske.

Profilering og marknadsføring

Kvifor skal du prioritere mediekommunikasjon? Profilering og marknadsføring skjer i stor grad gjennom ulike mediekanalar. Etter kurset vil deltakarane sitte att med kunnskap om korleis ein kan bruke avis, radio, TV og sosiale media aktivt.

-Det vil bli arbeidd med kursdeltakaranes eigne saker, seier Elshaug. Ho oppmodar både etablerarar og dei meir erfarne bedriftsleiarane å delta på kurset.

-Det er begrensa med plassar. Siste frist for påmelding er måndag 10. oktober, på www.hoppid.no, avsluttar Elshaug.


 

Fakta om hoppid.no

hoppid.no  er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Innovasjon Norge og kommunane som skal bidra til fleire og betre nyetableringar i Møre og Romsdal. Totalt er det 32 kommunar med i samarbeidet, og alle kommunane på Nordmøre er med. Møre og Romsdal har hatt vekst i nyetableringar sidan programmat starta for fire år sidan. I Møre og Romsdal er no kvar tredje bedrift etablert av unge under 35 år.

hoppid.no på Nordmøre

hoppid.no-kontoret på Nordmøre er ei dør inn til dei gode hjelparane for gründerane i kommunen. Her får gründerane rettleiing, kurs og kompetansetilbod, oversikt over støtteordningar og kontakt med andre støttespelarar undervegs i etablerer-fasen.

Oversikt kontor sjå www.hoppid.no


 


 

Om kurshaldarane:

(Informasjon frå Appareo)

Synnøve Farstad

Partner og kommunikasjonsrådgiver i Appareo Kommunikasjon siden 2007. Har lang erfaring som journalist og programleder i NRK radio og TV, bl.a. i Schrødingers Katt. Har arbeidet i ulike lederposisjoner, med informasjonsansvar i forskjellige stillinger innenfor helsesektoren, bl.a. som kommunikasjonsdirektør i Helse Midt-Norge. Er en svært erfaren kurs- og prosessleder. Farstads spesialområde er mediekommunikasjon, strategisk kommunikasjon og krise/beredskapshåndtering.


 

Nils Heldal

Partner og kommunikasjonsrådgiver i Appareo Kommunikasjon siden 2010. Nils Heldal har bakgrunn fra sentrale lederposisjoner i media og kommunikasjon, kultur, musikkbransje og toppidrett. Han har blant annet vært journalist i NRK, musikksjef og kanalsjef i NRK P3,