God basardag for Stangvik Grendalag
Grendalaget i Stangvika vart nesten 85.000 kroner rikare laurdag. Vel 37.000 kom inn på basaren, der Stangvikfestivalen overraska grendalaget med ei gåve på nesten 48.000 kroner.
Tekst og foto: Anita Land
Basaren i Bondehuset baud på tombola, med masse flotte, heimelaga premiar, og eit basarbord som frista mange. Spesielt ein radiostyrt bil vart populær. Mange håpefulle tok lodd på den, og det var Johannes Andersen som stakk av med bilen. Festivalgeneral Anne Nes hadde òg flaksen på si side, og fekkhovedgevisten: varer for tusen kroner frå Joker på Kvanne.
Treffsikre søstre
Ymse konkurransar hører med i Bondehuset, nemleg ballkasting, pilkasting og luftgeværskyting. I kvinneklassen var søstrene Haugen suverene med luftgeværet. Kjersti Haugen vann til slutt, og mangla berre eitt poeng på fullt hus.
- Vi treng treffsikre jegerar i Stangvika, sa jaktlagsleiar Bergsvein Brøske, og oppfordra søstrene til å delta i jakta då han delte ut førstepremien for luftgeværskyinga. I jenteklassen vann Oda Bæverfjord, i guteklassen Erik Andersen og Anton Georg Nes var den mest treffsikre herren.
Basar er kultur
Basarkulturen i Stangvika gjeld ikkje berre loddkjøp og konkurransar, men også heimelaga kaker og annan god mat. Brødskive med eggesalat er eit høgdepunkt. Kakene og eit stort fruktfat gjekk òg unna, og tradisjon tru var all mat gratis. Mykje god mat, mykje god prat og mange ungar i godt humør. Det er basar på sitt beste. Nokon vann, nokon vann ikkje, men slik er livet - og slik er basaren.
Trekningsliste
Trekningsliste Basar Stangvik 2014
Arrangør: Stangvik Grendalag
Takk til alle som støtta oss
Leo. B Dorsin |
Gevinst nr 23 |
Anders Nordvik |
Gevinst nr 29 |
Nerøya, Stangberg |
Gevinst nr 14 |
Margrethe Mogstad |
Gevinst nr 5 |
Beret Brøske |
Gevinst nr 28 |
Mali og Kåre Nordvik |
Gevinst nr 24 |
Tone Haugen |
Gevinst nr 27 |
Lerbrua |
Gevinst nr 11 |
Einar Nes |
Gevinst nr 7 |
Even, Olav og Pippi Gjeldnes |
Gevinst nr 10 |
Dag Arne Nordvik |
Gevinst nr 6 |
Svein Iversen |
Gevinst nr 15 |
Kari Torslett |
Gevinst nr 20 |
Anita Land |
Gevinst nr 25 |
Ingeborg Brøske |
Gevinst nr 8 |
Håkon Vang Aas |
Gevinst nr 16 |
Sigrid Nærvik Grønnes |
Gevinst nr 22 |
Liv Grethe Stenberg |
Gevinst nr 9 |
Kai Arnt Bjerknesli |
Gevinst nr 17 |
Mari Gjul |
Gevinst nr 4 |
Tone Haugen Nordvik |
Gevinst nr 13 |
Siri og Elise |
Gevinst nr 3 |
Margot Haugen |
Gevinst nr 19 |
Lars Torslett |
Gevinst nr 26 |
Ingeborg S Polden |
Gevinst nr 18 |
Anne Kristin Bævre |
Gevinst nr 1 |
Svein Iversen |
Gevinst nr 12 |
Fredrik Røen |
Gevinst nr 21 |
Johanne Andersen |
Gevinst nr 2 |
Mange ivrige ungdommar deltok som loddseljarar på basarbordet. Foto- Anita Land
Den som var heldig vann julenissar før jul. Foto- Anita Land
Tombola med mykje heimelaga premier. Foto- Anita Land
Åresal er tradisjon. Her gjeld det å følgje med på om ditt nummer vart lest opp. Foto- Anita Land
Gratis og god mat på basar er tradisjon i Stangvik Grendalag. Foto- Anita Land
Leiar i Stangvikfestivalen, Lars Inge Kvande, overrekte 47.301 kroner i overskot frå årets festival til kasserar i grendalaget, Bergsvein Brøske. Foto- Anita Land
Oda Bæverfjord vann luftgeværskytinga for jenter. Foto- Anita Land
Det vert ikkje basar utan oppvask. Monica Nes tek eit tak på kjøkkenet. Foto- Anita Land
Johanne Andersen hadde vinnerloddet på den radiostyrte bilen. Foto- Anita Land