Glatt veg og trafikkuhell
Naudetatane rykka ut til utforkjøring i Rindal litt over klokka fem i ettermiddag. Ein personbil på veg utover hadde kjørt av FV65 straks etter Mjohølkrysset.
Det var ein person i bilen. Ambulansen tok seg av sjåføren.
Bilen var heilt ute av vegen og ikkje til hinder for trafikken. Bilen hadde kjørt i grøfta på høgre sida og rotert mesta 180 grader.
Vegen var glatt på staden, så bilistar må vere på vakt i kveld!