Øvre Rindal Kapell_700x351

Glad i Jesus og glad i folk.

Slik har nidarosbiskopen presentert seg. Sett ut ifrå bibelteksta me hadde for oss i
kapellet sundag, kan gjerne utfordringa til oss bli formulert på same viset. Me blir
utfordra på kjærleik til Jesus og kjærleik til folk. Langt på veg er det to sider av
same sak. Les søndagspreika til Lene prest i Øvre Rindal kapell i dag:

Øvre Rindal kapell 15.04.12

Det er noko intenst til oppgjer mellom dei to – mellom Jesus og løgnhalsen, mellom Jesus og svikaren.

Ja, det er Jesus og Peter. Jesus spør og Peter må stå til svars. Består han prøva?? Ja, eg vil meine det.

Peter blir spurt og han står til svars. Ja, han elskar Jesus. Det er dette, kjærleiken til Jesus, som kvalifiserer han til å vera leiar for kyrkjelyden.

Me høyrer preiketeksten frå evangelisten Johannes 21,15-19:

Då dei hadde halde måltid, seier Jesus til Simon Peter: «Simon, son til Johannes, elskar du meg meir enn desse?» «Ja, Herre», svara han, «du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø lamma mine!»

Og han seier til han andre gongen: «Simon, son til Johannes, elskar du meg?» «Ja, Herre», svara Peter, «du veit at eg har deg kjær». Jesus seier til han: «Gjet sauene mine!»

Så seier han tredje gongen: «Simon, son til Johannes, har du meg kjær?» Peter vart sorgfull då Jesus tredje gongen spurde: «Har du meg kjær?» Og han svara: «Herre, du veit alt, du veit at eg har deg kjær.» Jesus seier til han: «Fø sauene mine!»

Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Då du var ung, batt du sjølv beltet om deg og gjekk dit du ville. Men når du blir gammal, skal du retta ut hendene, og ein annan skal binda beltet om deg og føra deg dit du ikkje vil.» Det sa han for å syna kva slag død han skulle æra Gud med. Då han hadde sagt dette, sa han til Peter: «Følg meg!»

Heilage Gud, gjer du oss heilage i sanninga, ordet ditt er sanning.
Det er ikkje så vanskeleg å føle empati korkje med Peter eller Jesus.

Peter har gått på trynet. Impulsive og feige Peter har laga seg svært til fallhøgde. Når hanen gjel etter at Peter har banna på at han ikkje kjenner Jesus, deiser Peter sitt sjølvbilete i grusen så småstein og grus sprett. Tuttimin at det går an å falle så djupt!!

Peter banna og svor og nekta tre gonger for at han kjente Jesus. Det er ikkje så lenge sidan.

Han kjenner Jesus, Peter. Kjenner han att, der han går me opne sår i side og handledd og gjerne blåveis og skrammer i ansiktet òg.

Der snur Jesus seg til Peter og spør: Elskar du meg meir enn desse? Ein gong til: Elskar du meg? Og så endå ein gong, berre for å vera aldeles sikker: Peter, har du meg kjær?

Om Peter er lei seg sjølv aldri så mykje, er han ikkje sverare karen enn at han seier ja, ja, ja!! Kvifor skulle han vera stolt og undra seg livshjelpa Jesus gjev?

Peter får lagt inn over seg omsorgen for dei som trur. Det er som om me høyrer det profetert ….

Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Då du var ung, batt du sjølv beltet om deg og gjekk dit du ville. Men når du blir gammal, skal du retta ut hendene, og ein annan skal binda beltet om deg og føra deg dit du ikkje vil.»

Kjærleiken har sin pris. Det får Peter merke. Skal han vera hyrding, skal han vera den som gjev vidare næring til liv og saligheit for flokken, må han sjølv ta til seg av Jesu tilstrekkelegheit.

Og Peter må elske sjølv. Han må – og me må. Me må ta inn over oss Jesu naud for …. var det for lamma og sauene, eller var det for kyrkjelyden i meir eller mindre definert betydning?
For oss menneske er det naturleg å vera meir opptekne av å bli elska enn å elske.

Men om me gjer som Peter og elskar Jesus, skulle me vel òg elske dei han kallar for sine born? – om dei så er både snørrete og har dårleg med oppdragelse, om dei fornærmar oss eller er vanskelege å ha med å gjera.

I boka si Å kjenne han som kjenner deg, spør Sven Aasmundtveit: Hva betyr det for deg at det å elske Jesus også innebærer å elske hans barn?

Eg kan svare for meg sjølv: For meg betyr det at det å elske Jesus også innebèr å elske hans barn …. eit stort problem. Ei for stor utfordring. Eg møter meg sjølv i døra og må berre inrømme at eg sjølv treng å få meir kjærleik enn eg maktar å gje.

Vidare spør Svein Aasmundtveit: Er eg en som bare surfer på en bølgje for å få med meg alt det positive som troen på Jesus gir i dette livet? Eller er eg villig til å følgje Jesus også når det koster kamp og smerte? Er du villig til å følge Jesus?

Ja, sei det. Peter kom så langt. Han er ikkje lengre ein feig slabbedask. Han er moden, han elskar Jesus og står ved det ut og bort og forbi den døden han får å ære Gud med.

Peter må gjerne vera førebilete for oss. Me har òg eitkvart å lære av Peter sine svar til Jesus og dei konsekvensane det skulle få.

Elskar me Jesus?
- Kva så?

Ære vere Faderen og Sonen og Den heilage ande, som var og er og vera skal èin sann Gud frå æve og til æve.