Glad familiegudsteneste
Søndagsgudstenesta i Rindal kirke var ei ekstra glad gudsteneste i dag! Blide, glade barn var i sentrum, fra dåpsbarnet Mathilde til 6-åringar, som fekk bok, og barnekorsongarar.
Gudstenesta opna med at Kirkebandet (kantor Johanne Bjørkhaug, piano, og bassist Einar Lillegård) spela til inngangssong og prosesjon av barnedåpsfølge, 6-åringer og unge songarar som bar med seg dåpskanne og roser til alterpynt.
Barnekoret tok oppstilling på korbenkene framme i kyrkja og hadde fleire friske songinnslag i lag med Kirkebandet.
Mathilde Sæther Fostad med Lene prest, foreldre og fadrar
Mathilde med foreldre, oldeforeldre og bonus-oldeforeldre.
Preika var det trusopplærar Elsa Jensvold som hadde. Ho fortalte dei ivrige barna (og oss andre) om Josef og brørne hans, som ikkje behandla han så fint. Likevel så tilgav Josef dei.