Give me 5
"Give me 5" er eit kulturprosjekt mellom 5.klassane i Surnadal, Surnadal Kommune og (delar av) Pelle Parafins bøljeband, og tysdag viser dei resultatet i Surnadal Kulturhus.
Femteklassane i kommunen er godt i gang med innøving av bøljeband-songane dei skal framføre saman med Arne Garvang, Anders Rogg og Terje Nordbye frå Pelle Parafins bøljeband, og i morgon, tysdag 11.mars, kl. 19.00 brakar det laus i Storstuå på kulturhuset.
Vi håpar eit stort og godt publikum vil komme for å høyre dette fantastiske koret som skal gjere sitt for at de får ei fin musikalsk stund ilag med oss!
Inviter med slekt, venner, kollegaer og naboungar til konsert, – her blir det tøffe rockelåtar, fine balladar og songar med snert!
VEL MØTT!