Gebursdagsselskap på Rindal Bedehus
Johan Helgetun(t.h.) er leder i styret for Rindal Bedehus og leda gebursdagslaget.
Arvid Koksæter(t.v.) tok for seg eit samandrag av historia til bedehuset.
I 1908 fekk Rindal Indremisjonsforening kjøpt stugubygninga fra Negard Almberg for 500 kroner. Huset vart oppført sommar og haust 1909, og første festsamværet i nybedehuset var i januar 1910.
Framstillinga av historia vart avbroten av at «sokneprest Johnsen»(t.v.)/(Arvid Halsetrønning) kom inn i full mundur. Han var ein av forkjemparane for å få bygd eit bedehus, og no oppfordra han folk til å vere med og gi pengar. Sjølv viste han at han gjekk føre med å legge 1 heil krone i hatten. Han oppfordra dei andre rindalingane til å gjere det same. Ved slutten av gebursdagsselskapet vart hatten sendt rundt i salen, og det kom inn 6710 kroner, som hadde vore ein svimlande sum for Johnsen og dei andre som bygde huset!
I 1925 vart det installert lys frå kraftverket i Stampdalen. Det vart sett opp 6 pærer. Årsavgifta vart 21 kroner. Første lysbildeframvisinga var i november 1929. Same året vart det også oppretta ei boksamling som i løpet av eit par tiår kom opp i 338 bind. Dei fleste bøkene vart innbundne av John O.Flåtten. Orgel var kjøt for 480 kroner i 1930. Bedehuset fekk innlagt vatn i 1952. I 1953 vart det installert ny belysning.
Det vart fleire påbygningar: 1917: Bislag, 1954: Påbygg austover, ca 5m breidde for vedbu, do og lager, 1959: Austveggen saga bort, - podium vart laga der vedbua var, 1963: kjellar vart utgraven under vestenden, tilbygg med ny inngang vart bygd og klosett vart montert, 1970: Kjøkenet vart restaurert, 1984 – 1986: Da fekk vi den store utbygginga langs heile veggen mot nord, 98 kvm. Det vart nytt kjøken, utvida storsal slik vi ser den no, og vi fekk grupperom/litlsalen. Det kosta omlag 500 000 kroner pluss ei mengde dugnadstimar! 1993: Rommet bak scena innreidd som lagerrom, 2001: Lagerbygget lengst aust vart oppført.
Rindal Bedehus i jubileumsåret
Dei gjestane som hadde innslag på
selskapet har alle Rindal bedehus som møtestad og øvingsstad.
Sjå bilda nedafor. Klikk på dei for å sjå dei større og som bildeserie!
Kirka bruker bedehuset mykje, og sokneprest Lene Gåsvatn(t.v.) avslutta selskapet med helsinga som du kan lese her på Trollheimsporten!
Sjølvsagt var det servering eit bursdagsselskap verdig: géle og vaniljesaus, blautkaker og andre kaker, med kaffe og brus!
Ikkje alle bedehus som kan servere barna brus i stettglas og géle i glasskåler! Harald og Lars kosar seg med géleen!