Gaupefamilie på besøk i Todalen
Laurdag oppdaga Ola Kvendset spor etter ein gaupefamile i skogkanten rett ovafor heimgarden på Kvennset i Todalen. Han tok kontakt med Lars Olav Lund i Statens naturoppsyn. Dei spora gaupefamilien frå Kvennset og oppover til Husby. Det er spor etter tre dyr – morgaupa og to ungar.
Bildet over: Ola Kvendset og Lars Olav Lund på gaupesporing (Foto: Jon Olav Ørsal, Todalen.no)
Dersom fleire observerer gaupefamilien eller spor etter dei så er det fint om det blir rapportert til SNO. Dei ønskjer å halde eit auge med dei «nye todalingane», skriv Todalen.no.
Familie på 3 – 1 stor og to små på vandring i Todalen. (Foto: Lars Olav Lund/SNO)