Lagbilde

G16 til 1/16-delsfinale

Torsdag morgon er Surnadal G16 klare for 1/16-delsfinale i B-sluttspelet. Det skjer etter at dei slo Svelgen 2-0 i 1/32-delsfinalen onsdag kveld. Målscorar i ein kamp der surnadalsspelarane var på hogget frå første stund, var Sander Smevoll og Bjarne Madaus. Seint onsdag kveld vart det klart at laget møter Follo i 1/16-delsfinalen. I kampen mot et sterkt Follo-lag, heldt det beklagelegvis ikkje for Surnadal. Dei låg under med tre mål ved pause, og ved kampslutt var resultatet 5-0. Dermed var cupen over for G16 etter seks spelte kampar. Likevel: Det vart levert ein flott innsats av Surnadal i Norway cup. Og til neste år - nye sjansar!

Lagbilde.jpg

I 1/16-delsfinalen vart møtande Follo for tøffe, samtidig som surnadalsgutane nok merka at cuplivet tærer på kreftene. Cupeventyret enda med 5-0-tap. 
 

ola aarnes.jpg

På Norway cup er det snakk om å gi alt ein har. Slik Ola Aarnes gjer akkurat her.

 

skåring kamp 32.jpg

To mål sikra seier og avansement til 1/16-delsfinalen for Surnadal. På dette bildet har Sander Smevoll scora første målet. Vi ser Simen Brøske, Sander Smevoll, Eirik Boge, Sven Ranes, Jonas Aasbø og Steinar Gjeldnes.

 

Tekst/foto: Rita Aarnes