ådne næss aune

Fylkesmeister i byggteknikk

Tysdag 12. mars vart der arrangert fylkesmeisterskap i byggteknikk på Surnadal vidaregåande skole. Det var berre fire elevar i Møre og Romsdal som deltok i konkurransen, og alle fire er elevar på Surnadal vgs.

​Tekst og foto: Surnadal vgs.

Elevane fekk utdelt ei oppgåve tysdag morgon, og det ferdige byggverket vart bedømt av ein ekstern jury som bestod av Tor Asle Ranes, Arve Ervik, Birger Nøstvold og Arne Rydningen. 

Dei fire elevane som deltok i fylkesfinalen var Ole Einar Skjermo (Rindal), Ådne Næss Aune (Surnadal), Per Karsten Reiten (Halsa) og Tobias Grøtan (Rindal). I løpet av tre timar skulle dei byggje eit hjørne av ein veggkonstruksjon. Juryen var einig om at alle hadde gjort ein svært god jobb, og dei var sikre på at alle ville bli gode lærlingar i faget. 

Etter ein lang diskusjon kom juryen fram til at Ådne Næss Aune laga det beste produktet. Han er dermed kvalifisert til Noregsmeisterskapet som blir arrangert i Elverum i april. 

ådne næss aune og johan almås.jpg
Ådne Næss Aune saman med kontaktlærar Johan Almås.