Full rustning i Øvre Rindal kapell
Det var fullt hus i Øvre Rindal kapell denne søndagen med barnedåpar og 4-årsbøker, og i preika viste Lene prest oss "Guds fulle rustning" med konfirmant Emma Iren Langø som modell.
Her er preika som Lene prest heldt i Øvre Rindal kapell 8.mars 2015:
Til slutt: Bli sterke i Herren, i hans veldige kraft!
Ta på Guds fulle rustning, så dere kan stå dere mot djevelens listige knep.
For vår kamp er ikke mot kjøtt og blod, men mot makter og åndskrefter, mot verdens herskere i dette mørket, mot ondskapens åndehær i himmelrommet.
Ta derfor på Guds fulle rustning, så dere kan gjøre motstand på den onde dag og bli stående etter å ha overvunnet alt. Stå da fast!
Spenn sannhetens belte rundt livet og kle dere i rettferdighetens brynje, stå klar med fredens evangelium som sko på føttene. Hold alltid troens skjold høyt! Med det kan dere slukke alle den ondes brennende piler. Ta imot frelsens hjelm og Åndens sverd, som er Guds ord. Gjør dette i bønn, og legg alt fram for Gud! Be alltid i Ånden! Våk og hold ut i bønn for alle de hellige.
- Ho har kledd på seg sjølv i dag! Det sa eg av og til då eg skulle levere dotter mi i barnehagen. Og kva det betydde: Ja, det betydde at ho såg omtrent ut som Pippi langstrømpe. Men lell: Kva gjer det om ikkje fargane på kleda passar i hop når dei likevel er passande til årstida?
- Men eg har då ikkje noko å ha på meg!! Slikt seier ofte damer. Sjølv om klesskåpet er aldri så fullt av skjørt og kjolar. Og så tenkjer damene sitt om at det er enkelt å vera mann. For dei kan jo berre ha på seg att den gamle dressen utan å bekymre seg det minste - .
- Når Paulus skriv brev til menigheita i Efesos, brukar han dette å kle på seg som eksempel. Ja, han skriv om å kle på seg. Plagg for plagg. Korleis dei ser ut og om dei passar i lag, har ikkje noko å seia. Det viktige er kva kleda kan brukast til:
Nemleg: Me skal bruke dei slik at me lar Jesus ta vare på oss!! For å beskrive dette, brukar Paulus soldaten som eksempel.
Me må ha brynje, skriv Paulus. Det er vel ein type tunika som er strikka av stålull. Så eg har ein vest som får gjera same nytta. Brynja skal vera rettferdigheit.
Rettferdigheit mellom oss, er at det skal vera likt. Rettferdigheita i Guds rike er heilt motsatt. Her handlar det ikkje om å dele likt, men at Jesus betaler så me får både liv og frelse gratis.
Så må me ha belte. Sannhetens belte, skriv han om. Det må vel bety at me skal snakke sant og også tru at Bibelen skriv sanninga både om oss og om Jesus.
Og sko må me ha. Dei heiter for fredens evangelium. Det må vel bety at me får fred både med Gud og kvarandre når me lar Jesus ta seg av oss.
Troens skjold må me også kunne bruke. Dette skriv Paulus at har ein god funksjon for beskyttelse: Skjoldet skal ta av for alle dei brennande pilene den onde sender imot oss.
Og faktisk kan trua me har på Jesus og tilliten me har til Jesus beskytte oss mot alt me blir fortalt om at Gud og Jesus ikkje er til å tru.
Så er det Frelsens hjelm. Ein beskyttelse, det òg.
Og til slutt Åndens sverd som er Guds ord. Ikkje for at me skal slå til nokon med det, men fordi Guds ord i seg sjølv er ein så sterk beskyttelse for oss.
Var det fordi det var kvinnedagen at kjevla vart med i staden for sverdet?
Leon-Alexander Stokke-Stenersen med foreldre og faddere.
Amalie Kirkholt Lindvåg med foreldre og faddere.
"Salt & Pepper" deltok med frisk sang, og her ser vi nokre av 4-åringane som fekk si kyrkjebok.
Andrea gler seg over 4-årsboka.