Sokneprest Lene Gåsvatn på preikestolen i Rindal kirke

Full pakke i Rindalskyrkja

Kyrkja er viktig for store hendingar. Så òg sundag, då me byrja med vigsel kl.10. Kristin Halsetrønning og Olaf Karlstrøm vigde til ektefolk. Ein stor time seinare bar oldemor Dagny dotter deira til dåpen. Fire jenter til vart døypte, og kyrkjelyden fekk høyre ei preike som tok utgangspunkt i kor vanskeleg og komisk det kan vera å bli født på nytt, til dømes for oss som er dobbelt så store som mødrane våre.

Lene Gåsvatn 2009_700x466.jpg

Når døypevatnet fortel.

Går det an å bli rindaling? Eller er rindaling noko ein berre er?

Det er vel helst det siste. Er du ikkje rindaling, kan du heller ikkje bli det. Dei som bur her, arbeider her og skattar her utan å ha budd her lenge nok, er innflyttarar. Innflyttarar på både godt og vondt. Me er berre innflyttarar med berre føreåt. Og me kan nyte godt av det privilegiet det er å ikkje ha heilt oversikt over kva som er brukeleg.

Går det an å bli født på nytt att? Han spør så, han Nikodemus som kjem til Jesus om natta. Han spør om det går an for ein som er gamal å koma inn att i morslivet.

Noko så dumt! Det går vel ikkje an for ei mor å få ein baby inn att i magen når den fyrst har kome ut! Og langt mindre ein gamal mann. Stiv i armar og bein og musklar som han er, og alt for stor. Alt for stor.

Mens mor mi levde, var ho omtrent på størrelse med Kjellaug som er klokkar her i dag. Ein skal ha ganske frodig fantasi for å forestille seg at eg skulle kunne få plass inne i ei dame som er berre halvparten så breid som meg! Ein skal ha frodig fantasi for å sjå det for seg – og gjerne humor og. Berre tanken er ganske komisk.

Er du født rindaling, er du rindaling. Er du født, kan du ikkje bli født ein gong til. Eller??

Veit de: Det er enklare å bli født ein gong til enn det er for ein innflyttar å bli rindaling! Sjølv om den som skal bli født på nytt att – eller innattitrappa og oppattgjort som det heiter her i bygda – er ein gamal mann med krokete rygg og stive lemmar som Nikodemus hadde.

Kor enkelt er det å bli født ein gong til? Det er så enkelt som tre små skvettar med vatn med orda i Faderens, Sønnens og Den Hellige Ånds navn. Det er så enkelt som ein tanke – eller var det ei bøn: Du får ta deg av meg, du. Og så leggja seg over i Guds store omsorg.

Og det er så vanskeleg at me alle må bli som born for å forstå det. Då handlar det ikkje lengre om vit og kompetanse, men om impulsivitet og låge barrierar for å søkje hjelp. Då handlar det om å hente hjelp hos den me forstår at vil oss vel.

Forstår me det?

Eg blir ikkje ferdig med denne preka før eg har sagt noko om kva me blir født på nytt til. Det nye livet er i Kristus. I Jesus har me connection – eller tilkobling – til det evige livet. Vår død ligg att i døypefatet. Vårt liv er framtida som kjem oss i møte. Like levande som den oppståtte Jesus er det. For alltid.

Det går ikkje an å bli rindaling for den som ikkje er født rindaling. Det går ikkje an for ein svær prest å koma inn at i ei mor som er berre halvparten så stor.

Men går det an å slutte å vera født på nytt for den som er døypt? – Eller kvifor skulle me ønske å vri oss unna dåpen og alt me fekk der. Me får vel neppe til å prestere meir enn det me kan ta imot, nokon av oss. Nåde og tilgivelse, liv og saligheit er noko me får. Så får me heller gje oss over og vise han tillit som vil oss vel. Det kan vera me må leggja av oss litt stoltheit og prestisje. Det kan endå til vera me blir likar` å ha med å gjera når me innser at me treng nåde.

Evangelietekst frå Johannes kap.3.

1 Det var ein mann som heitte Nikodemus. Han var farisear og sat i Rådet til jødane. 2 Han kom til Jesus om natta og sa: «Rabbi, vi veit at du er ein lærar som er komen frå Gud, for ingen kan gjera dei teikna du gjer, utan at Gud er med han.» 3 Jesus svara og sa til han: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd på nytt, kan ikkje sjå Guds rike.» 4 Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gammal, bli fødd? Ein kan vel ikkje koma inn i morslivet igjen og bli fødd andre gongen?» 5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Den som ikkje blir fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike. 6 Det som er fødd av kjøt, er kjøt, og det som er fødd av Anden, er ånd. 7 Undra deg ikkje over at eg sa til deg: ‘De må fødast på nytt.’ 8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem frå, eller kvar han fer. Slik er det med kvar den som er fødd av Anden.» 9 «Korleis kan dette gå til?» spurde Nikodemus. 10 Jesus svara: «Du er ein lærar for Israel og veit ikkje det? 11 Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Vi talar om det vi veit og vitnar om det vi har sett, men de tek ikkje imot vitneutsegna vår. 12 Dersom de ikkje trur når eg talar til dykk om dei jordiske ting, korleis kan de då tru når eg talar til dykk om dei himmelske? 13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen: Menneskesonen, *som er i himmelen•.

Lesetekst frå Romarbrevet 6.

3 Eller veit de ikkje at alle vi som vart døypte til Kristus Jesus, vart døypte til døden hans? 4 Vi vart gravlagde med han då vi vart døypte med denne dåpen til døden. Og slik Kristus vart oppreist frå dei døde ved sin Fars herlegdom, skal vi òg vandra i eit nytt liv. 5 Har vi vakse saman med Kristus i ein død som er lik hans, skal vi òg vera eitt med han i ei oppstode som er lik hans. 6 Vi veit at vårt gamle menneske vart krossfest med han, for at den kroppen som er underlagd synda, skulle gjerast til inkjes og vi ikkje lenger skulle vera slavar under synda. 7 For synda har ikkje lenger nokon rett over den som er død. 8 Men er vi døde med Kristus, trur vi at vi òg skal leva med han.

Rom 6,3-8