Full fart og stor idrettsglede
Lørdag var det full fart etter fotballen i Surnadal Idrettshall. 18 sjuerlag i alderen 6 til 12 år spela kampar fortløpande frå klokka 10 til 4. Laga var samansett så jamgode som muleg, noko kampresultata også viste. Innsats og idrettsglede var i høgsetet.
Laga hadde namn etter kjente norske og utanlandske fotballag. Det var årets Surnadal IL Fotball Amfi BUAcup som gjekk av stabelen.
Spelarar frå A-laga for både herrer og damer stilte som speakar, lagleiarar og dommarar, rundt 130 unge deltok i kampane, og på tribunene var det heile dagen publikum som følgde med og gav positive tilrop og applaus.
Deltakerne (Foto: Solveig Dahle)
Trollheimsporten innom og lodda stemninga og har desse bilda å dele med dykk frå kampane mellom Tottenham og Arsenal (3-3), Chelsea og Liverpool (1-0), og mellom Mancester City og Manchester United (0-1).
Keeperen har kontroll.
Her kan det bli mål!
Først på ballen!
Blir det redning?
Utafor!
Skudd!
Redning!
Kven har ballen?
Kraftig innspark!
Kom igjen da!
Har'n!
Den rekk eg!
I nettet, men på utsida!
Tar'n!
Utafor!
Full fart!
Eg rekk den!
Kven rekk ballen?
Kamp om ballen!
-og her gikk ballen i nettet!