Friluftsmesse i Bøfjorden
Bøkleppnausta - idylllisk og populær gudstenestearena.
Friluftsmesse i Bøfjorden
Bøkleppnausta er arena for friluftsmessa i Åsskard søndag føremiddag.
Sokneråd og prest håpar godveret stiller opp og gjenskaper den flotte atmosfæren frå tidlegare gudstenester ved den gamle husmannsplassen ytst i Bøfjorden.
Soknerådet legg til rette for ei fin samling ved sjøen. Båtfolk kan legge til ved den nybygde moloen.
Sokneprest Bernt Venås er liturg og predikant - både her og på kveldsmessa i Todalen same dag. Skulle veret bli dårleg, flyttast samveret frå Bøkleppnausta til bedehuset Betania i Bøfjorden.
Ein understrekar at gudstenesta i Todalen denne søndagen altså blir på kveldstid.
Bernt G.Bøe