tp_leserinnlegg

Framtidig behov for sjukeheimsplassar

Formannskapet i Surnadal sitt forslag om å legge ned 8 sjukeheimsplassar har fått mange til å reagere. Avisa Driva har 6. desember kommentert situasjonen på leiarplass (s.6). Formannskapet viser til at kommunen brukar fem millionar kroner meir på eldreomsorg enn samanliknbare kommunar. Til dette er å nemne at framskrivingstal frå Statistisk Sentralbyrå viser at talet på 80-åringar vil auke sterkt i Surnadal frå 2019 -2030. Auken er betydeleg større enn landsgjennomsnittet. Sjå den grafiske framstillinga nedanfor.

graf.png

I ein situasjon med så forventa sterk auke i talet på eldre over 80 år er det all grunn til å tenke seg vel om før ein reduserer talet på sjukeheimsplassar.

På kommunestyremøtet 14. desember vil det kome eit forslag om å bruke 2,1 millionar kroner av disposisjonsfondet for å behalde dei 8 sjukeheimsplassane. Det er da igjen 10,3 millionar på disposisjonsfondet. I denne samanhengen har det blitt hevda at ein ikkje bør bruke fondsmidlar til kommunal drift. Til dette er å seie at her er det tale om å oppretthalde dagens drift. Det er ikkje snakk om nye auka utgifter. Formannskapet sitt vedtak går ut på at det er tale om midlertidig stenging av dei aktuelle sjukeheimsplassane. Det må i så fall bety at dagens utgifter til sjukeheimsdrift vil bli dei same som før når stengingsperioden er over. Bruken av disposisjonsfondsmidlar eventuelt annan dekkingsmåte må følgjeleg bli av kortvarig karakter.

Kommunestyret har vedtatt å bruke følgjande beløp av disposisjonsfondet i 2017: Skilleveggar i idrettshallen 380.000 kroner, riving av ullstasjonen 500.000 kroner, kompensasjon for svikt i konsesjonskraftinntekter 1.150.000 kroner, auka ramme til Eigedom 900.000 kroner og til ny barnehageavdeling i Midtigrenda 1.010.000 kroner. Ein kan stille seg spørsmålet: Er det å oppretthalde 8 sjukeheimsplassar mindre viktig enn dei føremåla det er bevilga midlar til tidlegare i 2017? Her får kvar enkelt tenke sitt.

14. desember vedtek kommunestyret kommunebudsjettet for 2018.


Johs. J. Vaag