690 Hedda Aasbø

Framleis tabelltopp for Surnadal/Søya/Todalen

Surnadal/Søya/Todalen sitt damelag i fotball slo Eide og omegn 5-2 på bortebane torsdag, og står dermed med 10 poeng på fire kampar. Det held til å toppe tabellen.

Ingressfoto: Hedda Aasbø scora Surnadal/Søya/Todalen sine to første mål i seieren over Eide og omegn torsdag. Biletet er frå seieren over Sunndal 2 førre veke.

I saker som omhandlar fotballkampar hendar det at det vert skrive at eitt av laga starta kampen forrykande. Ofte kan det til og med stemme, men sjeldan stemmer det så godt som i kampen mellom Eide og omegn og Surnadal/Søya/Todalen.

Det tok nemleg berre sju sekund (!) før ballen låg i nettmaskene bak Eide-keeper Daniella Braga Storvik. I løpet av dei sju sekunda hadde Ane Mogstad rukke å spele fri Hedda Aasbø, som hadde rukke å sette ballen i mål. Ein pangstart for gjestane frå Surnadal.

Etter 34 minutt auka samarbeidslaget leiinga. Denne gongen var det Ine Fiske som spelte fri midtspiss Aasbø, som også denne gongen gjorde alt riktig. Ny scoring, Aasbø si fjerde for sesongen, og det stod 0-2 på Eide stadion.

Det resultatet heldt seg nesten til pause, men med det siste sparket på ballen i første omgang reduserte Julie Lyngstad Mathisen til 1-2, og gav heimelaget håp om poeng.

Ti minutt etter kvilen sørga nok eit gjennomspel frå Ine Fiske for scoring til blåtrøyene. Denne gongen var Julie Hagen Eide, fødd i 2003, sist på ballen, og Hagen Eide noterte seg dermed for si første scoring på seniornivå. Angriparen meldte overgang frå Rindal til Surnadal før 2019-sesongen.

Om lag eit kvarter før full tid var det målscorarane Hagen Eide og Aasbø sin tur til å vere servitørar. Hagen Eide fann Aasbø med ei pasning, og Aasbø slo inn frå høgresida. Inne framfor mål venta Alice Eide Naustbakk, som ekspederte ballen i mål.

Dermed stod det 1-4 på resultattavla, og det såg meir og meir ut som om alle tre poenga skulle bli med tilbake til Syltøran.

Andrine Eide Blikås gjorde sitt beste for å skape litt spenning i kampen då ho reduserte til 2-4, men Surnadal/Søya/Todalen-kaptein Ane Mogstad heada ein corner i mål like etterpå.

Dermed fastsette ho og sluttresultatet til 5-2 til samarbeidslaget, som no står med 10 poeng av 12 mulege. Langfjorden/Træff 2, som er det einaste laget Erling Fiske sitt formsterke lag ikkje har møtt, kan og kome seg opp på same poengsum.

Kampen deira mot Sunndal 2 torsdag vart avlyst, og romsdalingane må vinne med seks mål for å gå forbi Surnadal/Søya/Todalen på målforskjell.

Surnadal/Søya/Todalen tek turen til Åfarnes for toppkamp mot Langfjorden/Træff 2 i neste kamp, som skal spelast 1. juni. 

Keeper Astrid Dammen Gjeldnes, fødd i 2004, debuterte for Surnadal/Søya/Todalen sitt damelag mot Eide og omegn, medan 17 år gamle Marte Strand og fekk debuten sin, då ho kom inn for Alice Eide Naustbakk to minutt før slutt.

 

Kampfakta:

Eide og omegn-Surnadal/Søya/Todalen 2-5 (1-2)

Mål:

0-1 Hedda Aasbø (1. min)
0-2 Hedda Aasbø (34. min)
1-2 Julie Lyngstad Mathisen (45. min)
1-3 Julie Hagen Eide (55. min)
1-4 Alice Eide Naustbakk (75. min)
2-4 Andrine Eide Blikås (85. min)
2-5 Ane Mogstad (86.)

Gult kort: Marte Nes, Surnadal/Søya/Todalen.

Surnadal/Søya/Todalen stilte slik, frå høgre mot venstre (4-3-3):

Astrid Dammen Gjeldnes

Ida Ranes (Ine Fiske inn i 85. min)
Emma Sæther
Karen Grytskog Skralthaug
Andrea Eide Naustbakk

Marte Nes
Ane Mogstad
Ine Fiske (Else Vaseng Kvammen inn i 68. min)

Alice Eide Naustbakk (Marte Strand inn i 88. min)
Hedda Aasbø
Julie Hagen Eide 


Både Surnadal IL, IL Søya og Todalen IL er medlem av Trollheimsporten.