Picasa

Framleis ein godt merga bank

Ingen som var på kundevalgmøtet i Rindal Sparebank tirsdag kveld er i tvil om at dei møtte ein bunn solid bank. Rekneskapen er nettopp godkjent av styret. Det viser svært stabil bankdrift. I 2013 auka utlåna med 10 % og innskota med 7 %.

41 % av utlåna er i Rindal, resten er til kundar utanbygds. Mange i Midt-Norge, men kundane kjem frå heile landet. Innskota auka med 74 mill, og 65 % av innskota kjem frå Rindal.


Rindal Sparebank sette ikkje opp utlånsrenta i fjor. - Soliditet og mulegheiter for å få fleire kundar gjorde at vi ikkje auka renta i 2013, sa styreleiar Jostein Grytbakk. Kundetalet auka.


Rindal Sparebank bidrog med 4 millionar i skatt til fellesskapet i fjor. Den lokale banken viser også samfunnsansvar ved å vere ein viktig aktør elles i lokalsamfunnet som sponsor og støttespelar til lag og organisasjonar. Dei gir 2,5 mill til den nye fotballhallen i Rindal!


Banksjef Bjørnstad minte om at fristen for å søke om støtte frå den årlege gaveutdelinga i forstandarskapet er 31.januar.


Leder av forstandarskapet Ingrid Kvam Moen, styreleder Jostein Grytbakk og banksjef Magne Bjørnstad.

 

Banksjef Magne Bjørnstad følger også godt med i utviklinga innan landbruket. Det er mykje negativt om norsk landbruk i media; maten er for dyr, dårleg utvalg, store statlege overføringar, har vi råd til norsk mat?

Han viste oss slaktprisen på okse, som i 1990 var 38 kroner, i 2011 var den 36 kroner. Prisstigninga den perioden var på 50 %.


I Rindal er mjølkeproduksjonen sentral. Sidan 1995 er talet på mjølkeprodusentar meir enn halvert, men gjennomsnitts mjølkekvote er dobla. I 1995 var produksjonen 9 330 tonn mjølk i Rindal. I 2012 var den 9 687 tonn, men no flatar den ut.


Grunnlaget for Rindal Sparebank var kornet i eit stabbur for 140 år sidan. Banken glømmer ikkje røtene.

Rindal Sparebank skårer svært godt på Norsk Kundebarometer. Æra for det går mykje til dei tilsette som møter kundane. Styreledar Grytbakk rosa dei tilsette for innsatsen i året som har gått.

 

Valga var fort unnagjort: alle tok attvalg. Olav Reitan og Ole Andreas Skjermo til forstandarskapet og Ann Kristin R.Tørset, Lars Olav Lund, Geir Nergård og Bente Beate Øyaseter vara til forstandarskapet.

På desse valgmøta er kakene også ein viktig programpost!