Framifrå kjøkkenteneste ved Surnadal Sjukeheim
I den seinare tid har vi gjennom media blitt kjend med at den maten som blir servert ved enkelte sjukeheimar i dette landet ikkje har hatt beste kvalitet. Dette er ikkje bra. Vi har hatt ein periode kor det har vore «god lære» å legge ned mindre institusjonskjøkken og i staden få maten frå større kjøkken. Signal frå sentrale styresmakter tyder på at det no er ei positiv endring på gang mot meir bruk av mindre institusjonskjøkken, og bra er det.
Ved kjøkkenet på Surnadal sjukeheim har det gjennom lang tid blitt laga god mat. Dette har ikkje minst kjøkkensjefen i dei 11 siste åra, Albert Brouwer, si del av æra for. Brouwer er ein dyktig fagmann. Han har heile 3 gonger blitt norgesmeister som institusjonskokk. Han er blitt tildelt matomsorgsprisen for leiing og fagarbeid ved institusjonskjøkken. Prisen blei tildelt ved personlig oppmøte på ei stor hushaldningsmesse i Oslo. Denne utmerkinga heng høgt.
For 6 år sidan blei det utført ei totalrenovering av kjøkkenet ved Surnadal sjukeheim, slik at ein kan seie at ein i dag har eit bra kjøkken der. Arbeidsstokken er på 6 årsverk, inkludert ein lærling.
Det blir baka brød kvar dag ved sjukeheimskjøkkenet. Brødvarene blir levert til barnehagar og ymse møter i kommunal regi.
Den digitale revolusjonen har og for lengst gjort sitt inntog ved Surnadal sjukeheim sitt kjøkken. Dokumentasjonskrava blir stadig meir omfattande og oppfølging av desse krev meir og meir av kjøkkensjefen si arbeidstid.
I utgangspunketet blir råvarene kjøpt inn etter anbudsprinsippet. Albert Brouwer er opptatt av at kvaliteten på produkta frå kjøkkenet skal vere god.
«Vi prøver så godt vi kan å lage næringsrik og velsmakande mat», seier Brouwer. Anna kvart år blir det utført brukarundersøkjingar. Desse har brei oppslutning kvar gong, kan kjøkkensjefen opplyse.
29. oktober fekk eldrerådet i Surnadal grei informasjon om kjøkkentenesta ved Surnadal sjukeheim av kjøkkensjef Albert Brouwer.
Johs. J. Vaag