Nytt frå Surnadal kommune:
Framande skadelege planteartar i Surnadal
Spreiing av framande skadelege planteartar utgjer ein stor trussel mot naturmangfaldet, t.d. kan naturleg stadeigne artar bli utkonkurrert og utrydda. Surnadal kommune har i 2015 fått kr 30 000 frå fylkesmannen i Møre og Romsdal til kartlegging av kjempespringfrø, parkslirekne og rynkerose.
Desse tre planteartane står på Artsdatabankens svarteliste for karplanter og inngår i lista over artar som det frå 1. januar 2016 vil være forbudt å innføre, sette ut og omsette i Norge.
Dei framande artane utgjer ein økologisk risiko i Norge, og miljøforvaltninga har temaet høgt oppe på dagsorden for tida.
Kartlegginga i Surnadal i 2015 vil bli utført av iTrollheimen v/ Gøran Bolme. Dette vil danne grunnlag for fjerning og avgrensing av forekomstar i regi av Surnadal kommune i åra framover.
Kva kan du gjere?
- Grunneigarar og hageeigarar oppfordrast til å bekjempe artane. Dette må skje på rett måte for å hindre ytterlegare spreiing.
- Meld frå om større og mindre førekomstar av kjempespringfrø, parkslirekne og rynkerose til: post@itrollheimen.no
Les meir om dei framande artane og korleis du blir kvitt dei på Surnadal kommune sine nettsider. Der fikk du og bilde av alle artane.
Bildet over: Rynkerose. Bildet er henta fra Surnadal kommune si heimeside.