Frå Rindal til Eidsvoll i 1814?
Eivind Hasle vil under kyrkjekaffien i Rindalskyrkja etter jubileumsgudstenesta søndag 23.februar halde eit kåseri over dette temaet, og da får vi truleg svar på dette spørsmålet.
Under jubileumsgudstenesta vil sokneprest Lene Gåsvatn vere liturg og ordførar Ola T. Heggem vil halde tale. Det blir musikkinnslag ved Hilde Staveli Solli på fløyte i lag med kantor Daniel Bjørlo.
Denne jubileumssøndagen blir det både kake og snittar til kyrkjekaffien, fortel soknerådsleiar Kjellaug Foseide.
Eivind Hasle kåserer under kyrkjekaffien og Ola T. Heggem taler under gudstenesta.