Lokalhistorisk vandring i Rindal:
Frå Pesaga til Labranasen og Kamslitta
Søndag møttes nesten 50 lokalhistorisk interesserte til vandring på Bolmegarden med start ved Saga Trollheimen Hotel – og Austre Rinnsaga (Pesaga) for å gå via Bolme Barnehage, Limerholtet og Labranasen til Kamslitta og til utgangspunktet. (Må ha med nokre kjente namn.)
Den yngste var 5 månader og låg i vogna si, og den eldste vandraren var over 80 år på den 4 timar lange vandringa. Og 3 hundar følgte med, noko dei mange kyrne vi møtte i Buludalen merka seg.
Sagagrenda, der vandringa starta, er eit av dei første industriområda i Rindal. Her var det sjølvsagt sagbruk, men også kvern og kraftverk med utgangspunkt i Rinnstoinn, fossen i Rinna. Det har vore tre bruer over Rinna her, og den siste vart naudopna for brannbilen da saga og kverna brann i 1957.
Ingen synlege spor etter kvern og sagbruk her ved Rinnbrua no.
Seinare vart det slakteri og høvleri, Rindal Bulldoserlag – Rindal Bil- og Maskin, Rindal Trelast og Landsem og Løfald Entreprenør AS. Saga Skysstasjon, no Saga Trollheimen Hotel kom seinare. Like eins Ullkorga med Voksi-posen, Bakken Helse og Sagene Amfi, ishockeybane.
Om lag her stod husmannsplassen Alvsaga
Skogmo, det raude huset med nabohus, var snikkarverkstaden til Lars Langli. På 50-talet var det 4-5 tilsette der, og mange fekk seg m.a. nye kjøken derifrå.
Men med industri følgde det arbeidsplassar og bustader. Rundt siste krigen og utover var det om lag 30 ungar under 15 år i Sagagrenda.
Den første kommunale bustaden finn vi også her. Nygården vart kjøpt til jordmorbustad for Mo og Rindal sokn i 1856. Det var der Ullkorga heldt til etter oppstart i Autobygget på sentrum og før det vart nye produksjonslokaler der Bakken Helse no held til.
Følgjet forflytta seg deretter, delvis med bilar, til Bolme barnehage.
Her stod første fastskulen i Rindal, og like ved låg utstillingsplassen med lageret som framleis står der. Her har det vore mange bækkerkåringar! Det var kulturvandrarar som i dag bekjente at dei hadde skulka skulen for å vere på dyreutstillinga. Fråveret vart ikkje godkjent.
Under siste krigen prøvde tyskarane å bombe Bolmbrua. Da vart kjellaren på nabobruket, Bolmøyen, bruka som bomberom av skuleelevane.
Her ved riksvegen var det eit lite senter med både butikk og rørleggar i tillegg til skulen. Og på andre sida av elva var det veskefabrikk, pensjonat og bilverkstad, - dei to siste er aktive framleis.
Ved vegkrysset her låg Bursøya der Nils budde. Han var glasmakar og for mykje rundt i bygda.
Vi følgde så gangvegen til Limerholtet. Framfor oss såg vi Nordmo, der plassen Melan låg, - og Lyngstad, som ligg på ryggen som tidlegare var kalla Labronasen. Der låg det eit ungdomshus, som seinare vart flytta til andre sida av elva og kalla Framheim.
Vi kan antyde at Limerholtet han namnet sitt etter gamalnorsk «limer» for leire, og at Labranasen har samanheng med ordet «labre» for stokklagt veg.
På ekra bakom oss her, grov Olav Halgunset opp ein Steyr beltebil som var nedgravd der. Den hadde gjort teneste som fraktar under anleggsarbeid, og låg no under 3 meter jord.
Slik ser den ut no. Det var understellet til denne han grov opp. Olav Halgunset vil gjerne ha kontakt med folk som har fleire deler eller kjenner til denne Steyr beltebilen! (Foto: OH)
Vi tok så opp Limerholtet til venstre og opp til Åsheim der vi tok lunsjpause.
Idyllisk skogstig mellom platåene.
Ammekyrne var svært interesserte i vandrarane, noko som var gjensidig.
Derifrå gjekk vegen opp ein idyllisk skogsti, forbi ein flokk nysgjerrige ammekyr, via toppen av sandtaket i Brattåsen, til Knottoppen, eller Reitholtet, som plassen heitte før. Der finn du Bakebua og dei andre verksemdene Nina N. Nordlund driv med.
Frå Knottoppen ser vi ned mot Reitan i Buludalen.
Utsikt utover Buludalen, Honstadknyken langt nede i dalen, og Knottoppen oppe til høgre.
Daløya er i bruk som fritidsbustad.
Ammekyrne sette pris på besøk her også.
Mor og barn poserer.
Omlag midt på bildet stod Kamslittbakken. Her budde Marit Nergård og dottera Ingeborg. Dei laga dokker av stoffrestar. Dokkene vart kjent som Kamslittdokker og har vore utstilt på Maihaugen.
Kamslittdokkene er omtala i to store bøker om norske dokker.
Vi ser så vidt Sjellen på andre sida av Bulu.
Arrangørane, Rindal Heimbygdlag ved Ragnhild S.Bolme og Ann Grimsmo i midten, kan vere svært godt fornogd med den fine turen dei hadde lagt opp i lag med Marit Bolme (t.v.) og Ane Gundersen (t.h.)som lokalkjente vegvisarar.