Frå motornostalgi til fotballkamp
Førstkommande fredag til søndag byr Bøfjordhelga 2018 på massevis av opplevingar. Programmet spenner frå Halvdan og Torstein-konsert, loppemarked, utstillingar og fotball til kleppfiskhistorie og gudsteneste.
Over: Ragnhild Skrøvset (t.v.) og Inger Lise Heggem inviterer på vegner av arrangørane Bøfjorden Historielag og Åsskard Bygdekvinnelag.
Arenaer rundt heile bygda samordnar ulike tilbod til små og store. Fredag ettermiddag startar Bø Grendalag med Kveldheim-treff før Leikarvollen Scene arrangerer konsert med Torstein Snekvik og Halvdan Sivertsen.
Frukost og bilnostalgi
Etter gratis laurdagsfrukost på Samvirkelaget blir det loppemarked på Gammelskulen. Deretter er Bøfjorden Grendahus sentrum for utstillingar med alt frå veterankjørety til bøker og historiske foto.
Bygdekvinnelaget serverer rømmegraut, spekemat og kaffe. Ved basarbordet kan ein støtte Hjelmkonnå og kyrkjebåtnaustet. Fjærli Tønnefabrikk demonstrerer bøkkerfaget og sel både stampar, kvartill og tønner.
Fotball og tangomusikk
Eit desidert høgdepunkt er fotballkampen mellom 8-årslaga frå Søya og Bøfjord/Bæverfjord. Skotthyll og støvelkasting står også på plakaten.
Laurdagen blir avrunda med ei lita kulturstund. Her er det basartrekning, allsong, litt mannskor og gjenhør med Peder Hønsvik og hans tangoorkester.
Kleppfisk og ny organist
Søndag inviterer historielaget til hobbysamling og aktivitetsdag på sjøbruksmuseet. Her, som på Kveldheim fredag og på grendahuset laurdag, kan alle vise og selje eigne hobbyprodukt. Barna får spesielle aktiviteter. Kåsør på museet er Leif Erik Kalseth, som tek for seg kleppfiskhistoria i Kristiansund og på Nordmøre.
Og om ettermiddagen er Åsskard kyrkje arena for gudsteneste. Der vil soknerådet og prest Kristin Strand presentere vinterens konfirmantar, og Hedda Hansen Berg har sin første søndag på orgelkrakken i bygda. Vertskapet byr på kyrkjekaffe.
Bilnostalgi: Glimt av tidlegare samling med veterankjørety.
Peder Hønsvik og Venke Fredriksen i tangoorkesteret Hjemmelaget.
Hedda Hansen Berg har søndag si første teneste som ny organist i Åsskard. Hennar postludium set punktum for Bøfjordhelga 2018.
Bernt G. Bøe/Bøfjorden Historielag.