Rufus 4H vann pris:
Frå jord til bord
Rufus 4H vann dyrkningskonkurransen "frå jord til bord" på fylkesårsmøtet til Møre og Romsdal 4H i helga. Søndag var Kløvergruppa til Rufus 4H på akedag, der tema var mat på bål.
"Frå jord til bord" var Møre og Romsdal 4H sitt satsningsområde i 2014.
Rufus 4H sådde grønsaker om våren. Og på haustfesten laga dei god suppe av grønsakene.
Ingunn Bævre tok imot prisen på fylkesårsmøtet
Rufus 4H følgde opp grønsakdyrkinga så godt at dei fekk prisen på 5000 kr fra Møre og Romsdal 4H. Ingunn Bævre tok imot prisen på fylkesårsmøtet laurdag.
4H vil følge opp "frå jord til bord" i 2015 og.
Søndag hadde kløverguppa i Rufus 4H akedag på Hafella i Rindal. Det var grilling, og etterpå fekk alle som ville prøve å lage dessert på bål.
Monica Gulla, Julie Hagen Eide, Unn Inger Halgunset, Gunnhild Marie Brønstad og Bente Beate Øyaseter forbereder dessert på bål.
Her skal det bli sjokoladekake i appelsinskal
Foto: Elisabet Halgunset / Sigrid Skjølsvold