IMGP4788_500x333

Frå Bøverdalen til Mostar

Laurdag ettermiddag var det ettermiddagstreff på Torshall med spenn i programmet, frå Eistein Bæverfjord og filmen «Finnguten» til John Ole Aspli sin tur til Mostar på Balkan. Dette ispedd musikkinnslag av Lene Mari Steinshamn og Karstein Mauset gav dei mange frammøtte ei opplevelsesrik ettermiddagsstund.

Filmen "Finnguten" som Eistein Bæverfjord har laga er bygd rundt historia i diktet Finnguten av Jørgen Gravvold. Den tek for seg den tragiske historia om den sjuke sameguten som kom ned i Bæverdalen sist på 1800-talet.

Trollheimsporten hadde denne reportasjen frå premieren av filmen.  

I salen var det mange som kjente til historia om samane i grensetraktene mellom Surnadal, Rindal og Hemne. Årsskriftet til Rindal Heimbygdlag for 2006 hadde ein artikkel om samane og familien til Sigrid og Thorkel Rutfjell som denne Finnguten var tenestekar hos.

Thorkel Rutfjell var også predikant og bar med seg eit 7 kg tungt orgel. I pausen kunne Jostein Vassli frå Hemne spele av eit opptak med dette orgelet frå Søndagsposten frå 1970-åra med songen «Fjellsangen», tekst og melodi Thorkel Rutfjell.

T.v.1:  Sigrid og Thorkel Rutfjell. (Foto: Hemneslekt)
T.v.2: Jostein Vassli 

Under: Leif Ove Grytbakk takkar Eistein Bæverfjord for filmframsyninga.

Lene Mari Steinshamn (t.v.)har godt tak på althornet sitt og gledde oss med vare mjuke tonar. Gabriels obo og You Raise Me Up (Løvland)vart framført stødig og solid utan akkompagnement. Kanskje ho blir akkompagnert av Eistein Bæverfjord neste gong?  

Karstein Mauset (t.h.) hadde ei avdeling der han spela både eigne viser og tekster av Hyldbakk og Astrid Krogh Halse. Han avslutta med diktet «Elva» av Hans Hyldbakk. - Det kjem på neste plate, annonserte han. At Hans ikkje lika kraftutbygginga, kom fram av teksta, og melodien og framføringa bygde godt opp omkring dette med sart melankoli.

 

 

Spranget til Mostar på Balkan, som John Ole Aspli (t.h.) tok oss med på var langt, men Aspli gjorde det nært ved å forklare bakgrunnen for turen han hadde vore med på. Både Surnadal og Rindal er med i Renovasjonsselskapet HAMOS i lag med kommunane i Orkdalsregionen. Orkanger har hatt ei gruppe bosniske asylsøkarar. Orkanger har vore venskapsby med Mostar, og ein av flyktningane, Dzemal Lidzo, arbeider hos HAMOS. Derfor er det sterke band mellom HAMOS og Mostar. Fleire bilar som HAMOS har «pensjonert», er blitt kjørt til Mostar og var i bruk der no. Det har også vore kjørt fleire trailerlass med hjelpesendingar frå Orkanger til Mostar. Det siste kom fredag før besøket Aspli var med på. Røde Kors i Mostar tok seg av fordelinga av utsyret der. Trollheimsporten hadde  denne reportasjen om denne turen.

Mest kjent i Mostar er brua Stari Most (Gamlebrua, bilde frå Wikipedia t.v.). Den vart ødelagt under krigen på 1990-talet, men bygd oppatt og står på UNESCOs verdensarvliste. Den gamle brua var frå 1500-talet.

Arrangementet var støtta av Den Kulturelle Spaserstokken.