Picasa

Frå barnedåp til avskjed

Denne søndagen var det mesta full pakke i Øvre Rindal kapell med både dåp for Cornelia og bok til 6-åringane, avskjed med kantoren og kyrkjekaffe på kyrkjebakken! Og i preika snakka Lene Gåsvatn om sauen som gjekk seg vill, Matteus 18, 10-14.

Lene hadde med seg 3 sauer som stod for kvart sitt bodskap: Den første vesle lammet fortalte oss at vi var verdifulle, den andre at dei minste også er store, og den tredje viste oss at Jesus er og vil vere saman med oss heile tida.

IMGP1494_690x459.jpg

Dåpsbarnet Cornelia Bøe Koksæter med foreldre og fadrar.

IMGP1467_690x401.jpg

Mange skulestartarar var møtt fram for å få 6-årsboka si. Dei fekk hjelp frå nokre i Salt & Pepper til å synge eit par songar.

IMGP1488_690x705.jpg

Ailo Bøe Løset er glad og stolt for den nye, fine boka.

IMGP1508_690x457.jpg

Etter gudstenesta var det kyrkjekaffe for alle på kyrkjebakken i det gode veret.

IMGP1449_690x1035.jpg

Denne søndagen var altså siste gudstenesta i Rindal for kantor Daniel Bjørlo. Frå september er han kantor i Elverum.

Kantor Daniel Bjørlo avslutta gudstenesta som vanleg med preludium.
Denne dagen valde han å framføre ei fuge av J.S. Bach, Fuge i A-moll BWV 543.

Klikk her og hør!

Sjølv om det var mange barn der, så ville han spele eit skikkeleg stykke og avslutte med stil. Det såg ut som fleire av barna fekk med seg at dette var meint som avskjedshelsing til oss.

IMGP1475_690x436.jpg

Soknerådsledar Kjellaug Foseide takka Daniel for dei åra han hadde vore i Rindal. Sidan ho hadde høyrt at han lika å ståke på kjøkkenet, hadde ho ei god jerngryte som gave til han frå menigheta.
- Da vil du minnast oss i Rindal når du brukar gryta.

IMGP1480_690x459.jpg

Daniel har vore organist her i 5 år. Samtidig har han studert fram til mastergrad som han tok i vår. Han har vore med på leirar og anna ungdomsarbeid. I tillegg har han spela i revyorkester og andre grupper, og han har hatt det musikalske ansvaret for barnekoret Salt & Pepper og Ungdomskoret.
Daniel sa at han har likt seg godt her, men familien hans bur på Austlandet, så derfor tok han stillinga i Elverum når den no var ledig.