
Først ute er Kulturvandring på Skei
Fotturar med Senioruniversitetet
Bildet viser styringsgruppa, frå venstre: Styrkår Brørs, Johanne Valsø Lervik, Eivind Hasle, Helene M.Nergård, Kåre Sæterbø
Senioruniversitetet for Indre Nordmøre (Rindal, Halsa og Surnadal) har lagt planar for 2 møte og ei ”kulturvandring” hausten 2011:
21.september
på "Attanova", Rindalshuset i Rindal kl 1100-1300:
Åse Gullvåg Hasle, Meldal: Til
fots som 8-åring frå Skagen til Nord-Italia i 1929.
Eit
barndomsminne - til livslang inspirasjon og glede.
Åse Gullvåg Hasle er dotter til redaktøren og forfattaren Olav Gullvåg, som i april 1929 tok med seg heile familien (2 vaksne og 4 barn i alderen 4 til 14 år) for å vandre frå Skagen i Danmark til landsbyen Mori i Nord-Italia, der dei budde eit år. Åse Gullvåg Hasle var nest yngste barn i familien, fødd i 1920. Italia-turen var ei minnerik oppleving som har vore til livslang inspirasjon og glede, noko ho vil fortelje om. Faren, Olav Gullvåg, skreiv reisebrev til norske aviser og blad frå turen, og det vil bli gitt eksempel frå desse.
Laurdag
17.september ”Kulturvandring på Skei” (kl 1100- ca 1400)
Denne
vandringa er ikkje primært for seniorar, men for alle som har
interesse for utviklinga av Skei. Hovudvekta vil bli lagt på
utviklinga frå jordbruksbygd til bygdeby, i tillegg til minne og
minnesmerke frå krigen. Styrkår Brørs vil leie vandringa, og
lokale kjentfolk vil delta. Ta med mat og kaffe – og lommelykt !
Gratis. Frammøte ved Kyrkjekontoret (Gamle-Apoteket).
23.november
på Kulturhuset i Surnadal kl 1100-1300:
Møte med Åshild Ulstrup, Oslo / Sunnhordland. Ho er tidlegare
NRK-journalist (jf ”Sånn er livet”), og har i tillegg gitt ut
fleire bøker om alder og om kjærleik. Tittel på dette møtet er
enda ikkje avgjort.