Senioruniversitetet 2011_715x477

Fottur til Italia i 1929

Senioruniversitetet for Indre Nordmøre inviterer til møte i Attanova, Rindalshuset, Rindal onsdag 21. september kl. 11.00. Åse Gullvåg Hasle:  Til fots som 8-åring frå Skagen til Nord-Italia i 1929. Barndomsminne – til livslang inspirasjon og glede.  Foredrag og enkel servering: kr 100,- . Alle er velkommen!

 

Åse Gullvåg Hasle er dotter til redaktøren og forfattaren Olav Gullvåg, som i april 1929 tok med seg heile familien (2 vaksne og 4 barn i alderen 4 til 14 år) for å vandre frå Skagen i Danmark til landsbyen Mori i Nord-Italia, der dei budde eit år. Åse Gullvåg Hasle var nest yngste barn i familien, fødd i 1920. Italia-turen var ei minnerik oppleving som har vore til livslang inspirasjon og glede, noko ho vil fortelje om. Faren, Olav Gullvåg, skreiv reisebrev til norske aviser og blad frå turen, og det vil bli gitt eksempel frå desse.

 


Interimstyret: Eivind Hasle, Johanne Valsø Lervik, Styrkår Brørs, Helene M. Nergård og Kåre Sæterbø.