Fotpleie for god trivsel
Trond Løfaldli har fulltids jobb med å stelle føter. Han driv firmaet Trollheimen Klauvservice, og da er det som det ligg i namnet at det er klauvstell han driv med. Det er Todalen.no som skriv om dette.
– Det er lik ens med kyrne som med folk, at skal du yte maksimalt så lyt du ha godt stell, seier Trond Løfaldli, som har distrikt frå Molde i sør til Snillfjord i nord.
I fjor stelte han føtene på heile 7300 kyr – tilsaman meste 30.000 føter. Han trafikerer rundt med skjærebåsen sin heile året, men det kan variere kor ofte kyrne må ha behandling – frå 1 til 3 gonger i året.
Tekst og foto: Jon Olav Ørsal