
Fotballinnspurten for Surnadal og Rindal
Fredag kveld spelar Surnadal heimekamp mot KBK2. Ingenting er avgjort på tabellen, så seier i denne kampen er viktig for å sikre seg plass i neste års 3.divisjon, skriv Surnadal IL på si heimeside. Rindal FK har berre teoretiske sjansar til å bli blant dei to beste i 5. divisjon. I morgon laurdag kjem seriemesterne Hitra på besøk til Rinnvollen.
Surnadal IL
På tabellen ligg Surnadal no på 5. plass med 33 poeng, berre 2 poeng bak Elnesvågen på plassen over. Eidsvåg på 6. plass med 30 poeng kan true Surnadal. Under streken ligg Dahle med 27 poeng, så heller ikkje dei er ute av kampen om å overleve i 3. divisjon. Kampstart klokka 19.00 på AMFI park.
Rindal FK
Rindal rota seg litt bort da det berre vart 4-4 mot KIL/Hemne 3 borte tirsdag kveld. Dermed blir det ingen ting av seriefinalen i morgon, da Hitra kjem på visitt til Rinnvollen. Kampstart klokka 15.00. Hitra er alt seriemestrar. Likevel har rindalingane teoretiske sjansar til å bli nummer 2 på tabellen og med det berge plassen i 5. divisjon. Men da må samtidig Frøya 2 avgi poeng heime mot KIL/Hemne 3. I tillegg må Rindal vinne over Hitra - og det har rindalsgutane bestemt seg for å vise at dei greier framfor heimepublikum på Rinnvollen i siste kampen for året.
Trollheimsporten ønsker både Surnadal og Rindal lykke til.