
Fotballfest i Idrettshallen
Søndag var det duka for BUA-cup og dermed også fotballfest i Surnadal Idrettshall. Frå klokka 10.00 - 16.30 gjekk kampane kontinuerleg, berre avbrote av ein kort pause midt på dagen. Jenter og gutar i alderen åtte til fjorten år viste at det framleis er mykje god underhaldning i fotball, noko publikum på tribunen visste å setje pris på. Klikk deg vidare og sjå noko av det som foregjekk i hallen.
Både jenter og gutar ga full gass i Idrettshallen. Alle foto: Norunn Holten
Kamp om ballen!
To friske og ein med skade pustar ut mellom slaga ute på banen.
Surnadal J12 har fått sine velfortente premiar.
Premieutdeling!