Statens vegvesen melder:
Forsterkar fylkesvegen mellom Åsbøen og Svinvika i Surnadal
4,9 km av fv. 6145 mellom Åsbøen og Svinvika i Surnadal er ein av sju strekningar i Møre og Romsdal fylkeskommune sitt forsterkningsprogram for fylkesvegar i 2019. Denne veka startar førebuingane. Kantane blir skore slik at vatnet betre skal renne av vegen, grøftene blir reinska og fleire stikkrenner (rør gjennom vegen) blir skifta ut slik at vatn blir leda bort frå vegkroppen.
I august blir det lagt ca. 10 cm tjukk ny asfalt på hele strekningen. Det tjukke asfaltlaget er med på å auke bereevna til vegen. Det blir ikkje en breiare veg, men den blir sterkare, meir solid og vil halde i mange år framover. Det blir også montert nytt rekkverk på delar av strekninga.
Forsterkinga av vegen vil koste 5,7 millionar kroner.
Bildet: Arkivfoto