Ola Rognskog (t

Fornøgde med Trondheimstreffet

Ordførarane Ola Rognskog (Halsa), Mons Otnes (Surnadal) og John Ole Aspli (Rindal) er godt fornøgde med treffet blinordmoring.no på Britannia Hotell i Trondheim onsdag kveld. Treffet er eit ledd i samarbeidsprosjektet om tilflytting og rekruttering til dei tre kommunane. - Her var det mykje god lokal presentasjon. Arrangementet både byggjer opp og forsterkar intrykket av at det er mykje som skjer i regionen vår, både innan næringsliv og kultur, seier John Ole Aspli.

Treffet vart i år arrangert for andre gong, og samla rundt 50 utflytta skuleungdommar, studentar og andre interesserte i trondheimsregionen.

Dei vart presentert for noko av det Rindal, Surnadal og Halsa har å by på av lokalt næringsliv og kulturtilbod, som eit ledd i arbeidet med å profilere ein region som er "midt i "mulighetene".

Steinar Skjerdingstad (bilde nr. 2) frå Rindalshytter fortalde om arbeidet med å skape vekst gjennom kombinasjonen tradisjon og nyskaping, medan Øyvind Vaagland Reiten (bilde nr. 3) i Vaagland Båtbyggeri snakka om å kome tilbake til Nordmøre med global teknologi-ballast.

Per Lund i Sør-Trøndelag Fylkeskommunen heldt innlegg om idrett og kultur som næringsutvikling, Dordi Kjersti Mogstad om Svinvik Arboret, ungdomkontakt Åse Børset i Rindal om å kome til bygda med entusiasme og handlekraft, medan Roald Boge i IT-Partner Møre snakka om den regionale IT-utviklinga.

Inga Dalsegg var konferansier, og Øyvind Hassel Weiseth frå Halsa og Stein Boge og Oddbjørn Sponås frå Surnadal bidrog med musikalsk underhaldning.

- Treffet hadde lukkast med å finne engasjerte foredragshaldarar, som var med på å fange interessa til å få folk til å ta turen hit, seier Ola Rognskog.

Dei tre ordførarane slår allereie no fast at det blir blinordmoring.no-treff i Trondheim også neste år.

- Tidsbruken var bra komprimert i år samanlikna med i fjor, men det er nok rom for ytterlegare komprimering også neste år, meiner Mons Otnes.

Han understrekar at det er naturleg for Surnadal, Halsa og Rindal å samarbeide på denne måten.

- Vi er ein samla region, difor må vi samarbeide om å presentere mulegheitene som finst hos oss.