19032019

Formannskapet vedtok tomteprisar for Grytå 2

Tysdag vart prisen for dei 10 tomtene i bustadfeltet Grytå 2 i Surnadal vedtekne i formannskapet. Vedtaket dannar formannskapet si tilråding til kommunestyret, som skal gjere endeleg vedtak i starten av april.

Tysdag var tomteprisane i Grytå 2, som er under opparbeiding, oppe til behandling i formannskapet i Surnadal.

I 2018 vedtok kommunestyret at tomteprisen i alle kommunale bustadfelt skal utreknast for kvart enkelt felt, i staden for at det, som tidlegare, skal vere ein fast tomtepris for heile kommunen. Prisane skulle reknast ut etter sjølvkostprinsippet, det vil seie at den samla investeringa i det enkelte feltet skal finansierast gjennom tomtesal.

Rådmannen si tilråding for tomteprisar i Grytå 2 var difor laga med bakgrunn i desse relativt nye retningslinjene, noko Bernt Venås (Sp) var glad for.

– Det er veldig bra at vi gjorde dette vedtaket, som bidreg til å sikre god balanse mellom kommunale og privateigde tomter, sa Venås, som avslutta innlegget sitt med å gje si fulle støtte til rådmannen si tilråding.

Det gjorde og resten av formannskapet, og dermed var tilrådinga samrøystes vedteken. Dermed skal prisane på dei 10 tomtene no opp til endeleg politisk vedtak i kommunestyret 4. april.

I saksframlegget ligg det og at rådmannen vil sørge for å legge ut tomtene for sal så snart som muleg etter at kommunestyret har fastsett prisane. 

Tomtene, slik dei ligg føre i reguleringsplanen:

tomter grytå 2.jpg
Tomtene med oddetalsnummer ligg øvst på biletet, nærast Grytvegen, tomtene med partalsnummer ligg i rekkja til venstre i biletet.

Følgjande tomteprisar var vedtekne, og sendt som formannskapet si tilråding til kommunestyret 4. april:

B1: 642 153 kr
B2: 545 084 kr
B3: 603 691 kr
B4: 523 106 kr
B5: 598 930 kr
B6: 523 473 kr
B7: 610 285 kr
B8: 524 205 kr
B9: 669 258 kr
B10: 479 517 kr