Forfattereren av Jordboka kjem
Bondelagsleiar Oddvar Mikkelsen opnar Økoveka i Møre og Romsdal måndag på Tingvoll. Første dagen er det tema jord. Først vil forskar Reidun Pommeresche ha eit kurs om jord. På kvelden kjem den kjente professoren, bloggaren og forfattaren Dag Jørund Lønning og presenterer si nye bok Jordboka.
Jordboka er historier om menneske og mold. På godt og vondt. Gjennom ei rekke kortare og lengre essays utforskar forfattaren kva mold eigentleg er, korleis me menneske forstår og brukar mold, og, ikkje minst, kva molda kjem til å bety for oss i framtida.
Draumen om å bli ein del av naturen er like gammal som mennesket. På grunn av ny kunnskap om det fantastiske universet under føtene våre, anar me no - kanskje for første gong nokosinne - korleis denne draumen kan gjerast verkeleg. Jordboka fortel om den komande grøne revolusjonen, den som kan koma til å endra både landbruk, hagebruk og forholdet mellom menneske og natur for all framtid.
Dag Jørund Lønning har skrive ei lang rekke bøker og artiklar om det skapande mennesket og om det å utvikla garden og bygda nedanfrå.
Årets bygdeprofil
Lønning vart kåra til Årets landbruksbloggar i 2014 og Årets bygdeprofil i 2015. Både i 2015 og 2016 stod han på Nationen og Bondebladet si liste over «Dei 100 mektigaste i norsk landbruk».
Han vaks opp på garden Lønning på Stord. Far var potetbonden og foredragshaldaren Per Lønning, og mor, Selma, var ein av pioneerane både lokalt og nasjonalt i bygdekvinnelags- og husflidslagssamanheng.
Saman med kona Anne-Mette og dei to borna Maia og Mikkjell har han opp gjennom åra drive som småbrukar både på Sotra i Hordaland, i Kviteseid i Telemark og i Skaun i Sør-Trøndelag. Dei seinaste åra har det vesle som er av fritid vore nytta til å drifta ein to måls staude- og kjøkenhage sør på Jæren.
Tekst: NORSØK