Forfattarbesøk av "Liverpool-Ragnhild"
Ragnhild Lund Ansnes står bak boka "Liverpoolhjerter" frå 2012. Boka er ei samling av fleire hundre historier om norske supporterar sine sterkaste Liverpoolminner og viser både galskapen og lidenskapen i kva fotball gjer med fansen. Tysdag besøkte ho Surnadal vidaregåande skole, der ho heldt foredrag med temaet "Fotball: Lidenskap eller galskap"?
"Liverpoolhjerter" var den aller første offisielle klubboka frå engelske Premier League på eit anna orginalspråk enn engelsk, og Lund Ansnes er den første kvinna i verda som skriv offisielle klubbøker for Liverpool Football Club.
I boka "Liverpoolhelter" frå 2012 her forfattaren vridd fokuset over på kva fotballen gjer med liva til spelarane og korleis det er å vere menneske i toppfotballsirkuset.
Lund Ansnes er no ein del av Kultursekken i Møre og Romsdal fylkeskommune, og reiser rundt på skulane med foredraget sitt "Fotball: Lidenskap eller galskap". Tysdag 22.oktober var ho på besøk på Surnadal vidaregåande skole, og det var tydeleg at dette var eit tema som fenga elevane. Det skriv Surnadal vgs på si heimeside.