eg tek ansvar

Forebygger voldtekt

I vår har Senter mot incest og seksuelle overgrep for Møre og Romsdal og Norske Kvinners Sanitetsforening i Møre og Romsdal gjennomført eit haldningsskapande prosjekt retta mot russen. Hovedmålet var at det ikkje skulle skje voldtekt mellom russen i fylket i russetida, og det målet vart nådd.

Våren 2015 har Senter mot incest og seksuelle overgrep for Møre og Romsdal (SMISO MR) i samarbeid med lokallaga av Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS) i Møre og Romsdal gjennomført eit forebyggande og holdningsskapande prosjekt retta mot RUSS 2015 i heile fylket. Prosjektet har gjennom undervisning, apeller, synliggjering i sosiale medier, utdeling av informasjonsmateriell og boxershortser til kvar enkelt russ sett fokuset på russ og valdtekt.

Dei to organisasjonane har hatt eit ynskje om å ansvarliggjere, synleggjere og direkte integrere temaet "voldtekt" i russefeiringa. Det vart delt ut boxershortsar til kvar enkelt russ med logo «Eg tek ansvar» og «Spør meg først».

Hovedmålet for prosjektet var at det denne våren ikkje skulle skje voldtekt mellom russ i Møre og Romsdal.

Hovedmålet vart nådd: Utifrå det ein veit no, har det ikkje kome inn voldtektsmeldingar som gjeld russen i  Møre og Romsdal.

I dette prosjektet har SMISO og NKS har møtt nesten alle dei 2500 avgangselevane/russen i fylket. Det har dei fått til gjennom godt samarbeid med politiet, helsesøstre og pedagogisk personale ved dei 25 vidaregåande skulane i fylket.

Russ05e ingr.jpg
Frå russetreffet som SMISO og NKS arrangerte i Surnadal i april i år, saman med Surnadal Sparebank og fleire andre gode samarbeidspartnarar, Les meir om det her.


SMISO har nytta møta med russen til å  gi dei kunnskap om kva voldtekt er, at sex uten samtykke er voldtekt, at alle har ansvar for at voldtekt ikkje skal skje. Det har og vore sett fokus på sexvettreglar (Amnesty sin kampanje "Nei er Nei") og Kjernekar-kampanjen til Justisdepartementet med fokus på respekt for eigne grenser og andre sine grenser.

Russeknutereglar, som kan være uheldige, har det og vorte fokusert på.

NKS har vore saman med SMISO rundt om til alle skular. Her har NKS vore til god hjelp på mange område, samt fortalt om arbeidet deira for barn og familiar i lokalsamfunnet. I tilegg har dei bidrege med goodibager med innhold gitt av det lokale næringsliv. - Ein kjempedugnad!.

Dette har vore eit økonomisk løft både for SMISO og NKS, men aksjonen har vore så vellukka at dette framover vert årvisst. Ein håpar at lokalt næringsliv og offentlege etatar ser nytten av å støtte vidareføringa i åra som kjem. Dette er god samfunnsøkonomi, og ein håpar alle merke seg dette når SMISO MR i september/oktober sender ut søknadar til alle kommuner i Møre og Romsdal om økonomiske tilskudd til drift i 2016 .

Dette skriv SMISO MR og NKS Møre og Romsdal i ei pressemelding mandag kveld.