brann

Forbod mot bruk av open eld/bålbrenning

Brannsjefane i Aure, Smøla, Halsa, Surnadal, Rindal, Sunndal, Tingvoll, Averøy, Eide, Gjemnes og Kristiansund innfører eit midlertidig totalforbod mot bruk av open eld/bålbrenning.

Forbodet er grunna i den store brannfaren som følgje av at det er tørt i skog og mark og stor fare for gras- og lyngbrannar.

Ifølgje skogbrannindeksen og OBS-varsel frå meteorologisk institutt vil situasjonen vedvare og forbodet vil gjelde til det kjem nedbør av ein slik mengde at faren for spreiing ikkje er til stades.

Forbodet gjeld også eingongsgrillar og bålbrenning i fjæra.

Det skriv brannsjefane i ei pressemelding tysdag.