eli vullum kvande og erik l moen

Meir enn dobla liste for MDG Surnadal:

For menneske og miljø

MDG Surnadal har sidan førre kommuneval gått frå 9 til 22 listekandidatar. Medlemsmassen er dobla, og vi ser at særleg yngre søkjer seg til partiet. Vi er stolte av å stille med ei liste med stort aldersspenn, frå atten til åtti år, og med ulik bakgrunn.

MDG Surnadal har sidan førre kommuneval gått frå 9 til 22 listekandidatar. Medlemsmassen er dobla, og vi ser at særleg yngre søkjer seg til partiet. Vi er stolte av å stille med ei liste med stort aldersspenn, frå atten til åtti år, og med ulik bakgrunn.

At miljøsaka engasjerer ser vi på dei store massane ungdom som går til streik over heile Europa. Vi i MDG Surnadal ønskjer å ta klimapolitikken ned på eit lokalt nivå. Vi har vore representert i kommunestyret sidan 2015 med éin representant, og har vist at vi kan sette miljø- og klimapolitikk på dagsorden i Surnadal.

Vi har mellom anna sett fokus på energibruk og materialval i nybygg, fått øremerkt midlar til klimarekneskap og fronta jordvernet. Vi har ein heilskapleg politikk, og har eit program som blant anna legg vekt på folkehelse.

Framover vil vi fortsette arbeidet for ny gang- og sykkelveg mellom Grytåfelta og Øye skuleområde og ladestasjonar på alle offentlege kommunale bygg.

Vi ønskjer å få gjeninnført frisklivssentralen og satse på gode oppvekstvilkår i kommunen, med blant anna å sette ungdom og psykisk helse på agendaen.

I MDG si ånd så er listetoppane gjenbruka frå førre gong. Eli Vullum Kvande og Erik L. Moen har sitte i kommunestyre og hovudutval. Med meir erfaring og kunnskap ser dei no fram til å bidra i fire nye år med større gjennomslagskraft for menneske og miljø i heile kommunen.

Her er lista vår for 2019-2023:

  1. Eli Vullum Kvande                           1984                Surnadal
  2. Erik L. Moen                                     1946                Vindøla
  3. Kjell Gunnar Polden                          1960                Surnadal
  4. Lisa Forslund                                     1977                Surnadal
  5. Trygve Roaldset                                1967                Surnadal
  6. Lone Kvande Brøske                         2000                Kvanne
  7. Espen Fougli Vraalsen                      1985                Surnadal
  8. Ingrid Øyen Sponås                           1958                Surnadal
  9. Joar Brakstad                                    1980                Kvanne
  10. Christel Elisabeth Bæverfjord            1991                Surnadal
  11. Torgeir Leivdal                                   1970                Surnadal
  12. Anders Polden                                   1998                Surnadal
  13. Siri Skjerve                                        1979                Todalen
  14. Tore Kvande                                      1996                Surnadal
  15. Friederike Zwick                                1982                Surnadal
  16. Trygve Megaard                                1967                Surnadal
  17. Kathrine Solem                                  1960                Surnadal
  18. Henrik Blekken                                  1977                Bøfjorden       
  19. Guro Strøm Solli                                1983                Surnadal
  20. Lisbet Gausen                                    1967                Kvanne
  21. Ola Skjølsvoll                                     1938                Surnadal
  22. Elisabeth Moen                                  1949                Vindøla


Tekst og foto: MDG Surnadal.

Miljøpartiet De Grønne Surnadal er medlem av Trollheimsporten.