50 år 1

For 50 år sidan, da var det nere på!

Om kvelden 10. mars i 1964 var det avrøysting på Stortinget. Med 70 mot 69 røyster vart det avgjort at Rindal skulle oppretthaldast som eigen kommune. Dagen etter, 11. mars, på dagen 50 år sidan i dag, braut jubelen laus i Rindal og det vart reine 17.- maistemninga. Folk fann fram flagga sine og gjekk i tog!

50 år 2.jpg

Skulebarna som her er avbilda er godt vaksne i dag, men denne dagen og feiringa har sikkert brent seg fast i minnet.


Det er 50 år sidan.

No ser vi at den nye blå-blå regjeringa på nytt har sett kommunesamanslåing på kartet.
Ein kan gjere seg nokre tankar. Kva med Rindal om 50 år? Er Rindal eigen kommune da?

 

Fra billdebaldet Nå_690x477.jpg