OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Førsteinntaket til vidaregåande er klart

Førsteinntaket til vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal er no klart. Det viser at 10.009 søkjarar med ungdomsrett har fått tilbod om plass i denne omgangen. Av desse er 9364 tekne inn til dei vidaregåande skulane i fylket, medan 592 har fått tilbod om læreplass. Ved Surnadal vidaregåande skole er det etter førsteopptaket 26 ledige plassar. 252 ungdomsrettssøkjarar i fylket står framleis utan tilbod, men erfaringsmessig vil fleire hundre av dei inntatte takke nei til plass, slik at ein god del av dei som står på venteliste vil kome inn når andreinntaket etter plana blir køyrd 6. august.

Det er i år færre på venteliste enn i fjor (252 mot 387), og det er formidla fleire søkjarar til læreplass enn på same tid i fjor (592 mot 503). Samtidig har ein også fleire ledige plassar (852 mot 678).

Denne auken i ledige plassar gjer seg særleg gjeldande på nordre Sunnmøre der inntakskapasiteten er auka med 100 elevplassar frå i fjor. Dette har også har resultert i at færre står utan tilbod i den regionen (123 mot 155 i 2010), melder Møre og Romsdal fylkeskommune.

Ved andreinntaket vil ein ta inn vaksne søkjarar til ledige plassar, samtidig som ein vil sørgje for at alle ungdomsrettssøkjarane får plass før skolestart. Formidlinga av lærlingar vil halde fram utover heile hausten.

Slik ser tala for dei ulike linjene på Surnadal vidaregåande skole ut etter førsteinntaket:

Kursnamn/Plassar/Tatt inn (Ledig)                      

Bygg og anleggsteknikk 14  10  (4)

Elektrofag 14  13  (1)

Helse- og sosialfag 17  17  (0)

Studiespesialisering 60  58  (2)

Teknikk og ind. produksjon 28  24  (4)

Byggteknikk 5  5  (0) 

Automatisering 14  14  (0)

Barne- og ungdomsarbeiderfag 15  15  (0)

Helsearbeiderfag 15  15  (0)

Realfag 20  15  (5)

Språk, samfunnsfag og økonomi 10  8  (29

Industriteknologi 14  14  (0)

Automatiseringsfaget 12  9  (2)

Påbygg til gen stk 26  26  (0)

Realfag 27  27  (0)

Språk, samfunnsfag og økonomi 27  21  (6)

Påb.gsk e yrkeskompetanse 3  0  (0) 0