AMIGOS

Førjulskonsert i Åsskard kyrkje

Førjulskonsert i Åsskard kyrkje

 

Åsskardkoret, med sin dirigent Hanne Bæverfjord, stod også i år som arrangør av førjulskonserten i Åsskard kyrkje. Trass nordvestkuling og snøfokk var kyrkja mesta fullsett av eit forventningsfullt publikum. Og dei fekk servert ein stemningsfull konsert i eit stemningsfullt kyrkjerom, med mykje levande lys, pynta juletre, glade barneansikt, og på nordveggen hadde snøfokken dekorert glasrutene. Ekte julestemning!

Åsskardkoret 2 13.jpg

Åsskardkoret er eit smilande kor som eksponerer ekte glede, og sidan dette er ein viktig ingrediensane i songen og musikken, har dei eit lokalt våpen som treffer sitt lokale publikum. Slike konsertar blir heller ikkje mindre interessant av at barna får sin plass på programmet.
 

AMIGOS.jpg
 

Det drog førjulstemninga mange hakk oppover da barnekoret Amigos, med Bodil Kvam Aasbø ved pianoet,  framførte litt av sin julemusikal Gabrielle, som blir å høyra i Grendahuset neste helg.
 

Barn.jpg
 

Og i god gammel tradisjon, og på ein meget verdig og fin måte, stod fire andre barn; Benjamin, Markus, Emilie og Kirsten, fram i kordøra og las juleevangeliet. Kort og godt ein tradisjonell adventskonsert, slik publikum gjerne vil ha den. Tusen takk til administratorane i Åsskardkoret og alle andre, som for andre året gav oss ein førjulskonsert av denne typen.

 

Instrumentalistane som var med Åsskardkoret denne gongen var Ole Kristian Solem (gitar), Alex (gitar), Martin Berg (kornett), Gard Nødset (trommer) Bernt Bøe (orgel/piano) og Hanne Bæverfjord (dirigent/piano).

 

Tekst og bilde: Eistein Bæverfjord